Hopp til innhold

Mumiar, solobservatorium og gamle byar får verdsarvstatus

Europeiske gamlebyar, Tlaxcala-katedralen i Mexico, chilenske mumiar og eit gammalt solobservatorium i Peru er blant stadane som har fått fersk verdsarvstatus av Unesco.

Mumieskulptur i Chile - Centro Gestion Chinchorro. På Unescos verdensarv liste

Skulpturen på bildet forestiller ein mumie som er funnen i Arica, nord i Chile. Han står utanfor Centro Gestion Chinchorro som husar mumiane som no er plasserte på Unesco si prestisjetunge verdsarvliste.

Foto: CARLOS CHOW / AFP / NTB

Unescos verdsarvkomité, som er samla til årsmøte i Fuzhou i Kina, gav tysdag verdsarvstatus til dei over 7000 år gamle mumiane i Chile.

Mumiane er over 2000 år eldre enn dei egyptiske mumiane. Det er funne over 300 slike chilenske mumiar, som blir rekna som svært godt verna.

Mumier i Centro Gestion Chinchorro i Chile

Dei vel bevarte mumiane frå Chile er over 2000 år eldre enn dei egyptiske mumiane.

Foto: CARLOS CHOW / AFP / NTB

Tyske gamlebyar

Komiteen gav òg verdsarvstatus til historiske jødiske sentrum i Tyskland. Det gjeld dei tyske byane Mainz, Worms og Speyer som var jødiske kulturelle sentrum i mellomalderen og blir omtalt som «Jerusalem ved Rhinen».

Gamlebyen og katedralen i Speyer i Tyskland

Gamlebyen og katedralen i Speyer i Tyskland.

Foto: By Samyack - CC BY-SA 3.0

Ein ny del av grensene til det romerske imperiet vart òg innlemma på den prestisjefylte lista. Ein del av grensa fekk verdsarvstatus allereie i 2005. Den delen som no får verdsarvstatus, strekkjer seg frå Rheinbrohl og fram til kysten nord i Nederland.

Den franske badebyen Nice får verdsarvstatus for den urbane byplanlegginga si som strekkjer seg to hundreår tilbake, ifølgje Unesco.

Nice på rivieraen i Sør-Frankrike

Badebyen Nice på den franske rivieraen er plassert på Unescos verdsarvliste. Strandpromenaden Promenade des Anglais var nyskapande då han vart bygd, og har namn etter dei mange britiske turistane som strøymde til rivieraen på 1800-talet.

Foto: VALERY HACHE / AFP / NTB

Mexico og Peru

Tlaxcala-katedralen i Mexico er ein av dei første som vart brukt til å konvertere urinnvånarar til kristendommen då europearar kom til kontinentet.

Altertavle i Tlaxcala-katedralen i Mexico

Altertavla i Tlaxcala-katedralen i Mexico.

Foto: ALFREDO ESTRELLA / AFP / NTB

I Peru fekk Chanquillo-observatoriet, som er 2300 år gammalt og ligg på ein topp 400 kilometer nord for Lima, verdsarvstatusen.

Solobservatoriet Chanquillo-observator i Casma i Peru er fra mellom 500 og 200 år f.Kr, og det eldste solobservatoriet i Amerika.

Solobservatoriet Chanquillo i Casma i Peru er frå mellom 500 og 200 år f.Kr, og det eldste solobservatoriet i Amerika.

Foto: JANINE COSTA / AFP / NTB

Sist veke tok Unesco opp 11 historiske spabyar i sju land på verdsarvlista, som no famnar 1135 stadar med særs stor kulturell eller naturgitt verdi.

51 stadar står i fare for å ryke ut av lista. Tre stadar er tatt ut av lista.

Les òg:

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)