Det er sterkt og rørande å sjå den spontane applausen og hyllinga dei norske veteranande får når dei paraderer i gatene i Liverpool. Den norske Marinen har invitert dei over for å minnast sine falne kameratar og markera vendepunktet i verdas lengste slag.
Fra paraden i Liverpool. Foto: Magne Åhjem, KNM Tordenskiold
Torpedert
Slaget om Atlanterhavet var i gang frå krigens fyrste dag, den 3. september 1939. Løytnant Julius Fritz Lemp var skipssjef om bord i den tyske ubåten U 30. Han tok det britiske passasjerskipet Athenia for å vera eit troppetransportskip, det vart torpedert og senka med 1400 sivile passasjerar om bord. 118 passasjerar vart drepne. Norge hadde ved krigsutbroddet verdas fjerde største handelsflåte. Denne vart etterkvart sett under kommando av dei allierte og deltok i konvoitrafikken. Til saman stilte den norske handelsflåten med 37 000 mann fordelt på 1024 handelsskip. Den Kongelige Norske Marine hadde med 25 krigsskip og 2070 mann i byrjinga av krigen.
Store tap
Ein konvoi over Atlanterhavet kunne bestå av om lag 100 skip, men det mest vanlege var rundt 40 skip. Konvoiane brukte mellom 14 og 18 dagar på den farefulle ferda over Atlanterhavet der tyske ubåtar opererte i flokkar. Ein kan berre tenka seg kva påkjenningar det var på mannskap om bord i båtane å konstant leva med denne frykta. Difor var det nesten som å koma heim når norske sjøfolk kom til hamn i Liverpool, sjølv om byen ikkje var trygg for bombene til tyske fly. Men det var ufatteleg mange som opplevde å aldrig få sjå Liverpool eller Noreg igjen. I dei dramatiske kampane på havet miste fleire enn 5000 norske sjøfolk livet. 694 handelsskip og 30 marinefartøy gjekk tapt.
Minnesmerke i Liverpool
Til minne om dei som fall reiste om lag 100 norske krigsveteranar tilbake til Liverpool for å heidra deira minne.