Filmmusikken til "Buddy" og "United" er allereie i platehyllene. I løpet av neste veke er og "Kvinnen i Mitt Liv" på plass. Platene fortel om ein ny trend i platebransjen - å satse på norske soundtrack.
- Det er ein flott måte å få fram god norsk musikk på. Eg fattar ikkje kvifor så få har satsa på dette før.
Christer Falck er entusiast og utgjevar bak soundtracket til "Kvinnen i Mitt Liv". Den norske filmen som no er sett av nesten 200.000 nordmenn, neste veke er filmusikken å finne i butikkhyllene.
- Det er ein sjanse for meg å marknadsføre blant anna Karen Joe Fields som syng ein av songane du kan høyre i filmen. I tillegg synst eg at det og er viktig å få fram god norsk musikk i norsk film.
Interessa aukar
Norsk soundtrack-historie har svært lite å skryte av. For utan om Prepple Houmb og Morten Abels braksuksess med "Hodet Over Vannet" i 1993, må ein heilt tilbake til 1985 og "Orions Belte" for å finne eit heilt soundtrack med gode salstal.
- Det har ikkje vore nokon tradisjon for dette. Både fordi det er ein omfattande prosess å sette saman kutt. Her i Noreg har filmmusikk vore rekna for spesielt interesserte, seier norskansvarlig i Universal Music Norge, Yngve Næss.
No har Næss og fleire andre selskap byrja å få opp auga for å gjeve ut eit album i tilknyting til norske filmar. Suksessar som "Notting Hill", "Bridget Jones Diary" og "Matrix" har vist at det ligg pengar å hente i filmmusikken.
- Det ligg sikkert pengar i dette her, og gjerne i tilknyting til slike filmar som "Buddy" og "Kvinnen i Mitt Liv". Det er difor vi står bak begge prosjekta, seier Næss.
Christer Falck sitt plateselskap C+C står bak "Kvinnen i Mitt Liv". Universal hjelp til med distribusjonen gjennom labelen Sonet. "Buddy" er eit eige Universal-prosjekt.
Viktig for filmen
- Sjølv om det er vanskeleg å spå ei stor interesse ut frå to prosjekt, trur eg fleire vil satse på dette her, seier Christer Falck.
- Vi har merka stor interesse etter Karen Joe Fields som følgje av at ho syng "Embrace Me" frå si fyrste plate i "Kvinnen i Mitt Liv".
Soundtracket er i fyrste rekke plateselskapet sin gevinst, men også for filmindustrien er det no meir interesse for dette her, seier Sveinung Golimo i Filmkameratene som blant anna står bak "Kvinnen i Mitt Liv".
- Eg trur det er med å forlenge filmopplevinga. Truleg så er dette med å forlenge dei gode minna ein har. Det er reklame for filmen på ein anna måte enn kva vi er vand med. Det er ikkje noko tvil om at "Hode Over Vannet" minna folk om filmen. Alle gjekk rundt og song på den låta i etterkant. Det er klart det blei reklame av det.
Filmmakerene håper at soundtracket til "Kvinnen i Mitt Liv" vil gjere at interessa rundt filmen aukar. Dei merker og at andre selskap har større interesse for å gjeve ut ein cd til sine komande filmar.
- Eg har høyrt om eit par prosjekt til på komande norske filmar.
- Trur du dette er ein ny trend?
- Ja, eg tviler ikkje på det. Når vi har så masse god norsk musikk, kvifor skal vi ikkje få høyre den også når vi er på kino?