Hopp til innhold

Sandra Lyng får bli med vidare i Stjernekamp etter problem med avrøystinga

Alle dei ni artistane i Stjernekamp, inkludert Sandra Lyng som eigentleg rauk ut, får bli med vidare i musikkonkurransen etter problem med avrøystinga

Sandra Lyng på scenen under generalprøve i Stjernekamp, 12. september.

Sandra Lyng får bli med vidare i Stjernekamp etter stemmetrøbbel.

Foto: Julia Marie Naglestad

Det opplyser NRK i ei pressemelding seint laurdag kveld.

– Me fekk nokre tilbakemeldingar om at enkelte som har stemt via SMS ikkje fekk kvitteringsmelding. Me såg òg at me fekk inn veldig mange SMS-stemmer etter at avstemmingsperioden under sending var over, og derfor kan me ikkje garantera at me har eit riktig resultat. Det er jobben vår å sikra ei rettferdig avstemming, så dette er me nøydde til å ta ein grundig gjennomgang av, seier Mirja Minjares, prosjektredaktør i NRK, i ei pressemelding.

Det betyr at Sandra Lyng er med vidare i Stjernekamp saman med dei åtte andre deltakarane som stod på scena og konkurrerte i countrysjangeren laurdag kveld.

– Eg er lei meg for at Sandra måtte få opplevinga å ryke ut, men no gler me oss til å ha henne med vidare! Det var viktig å ta denne avgjerda raskt etter sending slik at ikkje Sandra mistar tid til å førebu seg til neste veke, seier Minjares.

– Dette er òg veldig leitt for sjåarane som har engasjert seg gjennom å stemme. Nettopp derfor må vi ta ein skikkeleg gjennomgang saman med leverandøren, seier Minjares.

Sandra glad for å vere med vidare

– Det blei ei kjenslemessig berg-og-dalbane etter sending. Først var eg utruleg lei meg, og så blei eg veldig glad då eg fekk vite at eg er med vidare. Det einaste som var positivt med å tru at eg rauk ut var å sleppe å synge opera, men eg elskar å ta ei utfordring så no er eg sjølvsagd klar for det òg, seier Sandra Lyng i pressemeldinga.

Lyng hadde vald ei av countryhistorias kanskje mest kjende låtar, nemleg «Jolene». Dommarane hylla ho for å formidla songteksten ektefølt. Samstundes fekk ho tilbakemeldingar om at stemma var litt spent nokre stader.

Lyng var saman med Ingeborg Walther og Alex Rosén blant dei tre med færrast stemmer.

Country-kveld

Det var mykje kjensler i kveld då det var duka for årets tredje Stjernekamp-laurdag med country-fest.

Kveldens gjestedommarar var Idol-legenda Kurt Nilsen og Spellemannpris-vinnande countryartist Malin Pettersen. Den faste dommaren Mona B. Riise kunne dela at ho var kry som ein hane over å få sitta i dommarpanelet med dei.

Gjestedommarane i Stjernekamp 12. september
Foto: JULIA MARIE NAGLESTAD

1. Ingeborg Walther: «Here for the Party» – Gretchen Wilson, 2004.

Første artist ut var Ingeborg Walther som etter god rettleiing frå denne vekas mentor, Nilsen, gjorde ei fargerik framføring.

– Du syng jo heilt vilt bra! Eg er så imponert over dansing og alt mogleg medan du syng så bra. Dette var heilt fantastisk, tusen hjarteleg takk! sa ei svært imponert Pettersen.

Også Kurt Nilsen gav tommel opp og lovord.

Fra Stjernekamp på NRK 12. september 2020. Episode 3 - Country

2. Alex Rosén: «Sixteen Tons» Tennessee Ernie Ford, 1995 (originalversjon Merle Travis, 1947)

Alex Rosén som rørte Riise til tårer førre laurdag, klarte ikkje heilt det denne gongen.

– Stemmeklangen din er sinnssjukt fin. Men du kom litt ut av rytmen, og då blei eg litt usikker. Du er litt «wildcard» her. Me fekk noko heilt fantastisk førre veke, og no håpar eg du får lov til å synga opera neste veke, sa Riise.

– Eg synest dette var tøft. Du er så kul, var lovorda frå Nilsen.

Fra Stjernekamp på NRK 12. september 2020. Episode 3 - Country

3. Sandra Lyng: «Jolene» Dolly Parton, 1973

For Sandra Lyng fall låtvalet på klassikaren frå 1973 «Jolene» av Dolly Parton.

Dommarane hadde både fine tilbakemeldingar og litt konstruktiv kritikk.

– Du heldt det roleg. Det var kanskje litt spent eit par stader, men stort sett gjorde du akkurat det du gjorde på øving. Eg synest det var ei fin og inderleg framføring, sa Nilsen.

Sjølv koste Lyng seg så mykje på scena at ho ville hylla bandet som spelte med ho.

– I dag gjorde eg noko heilt anna som eg følte var å hoppa utfor eit stupebrett, nemleg å starta heilt utan musikk, fortalde ho.

Dette trefte tydelegvis ein nerve i dommarpanelet då Riise og Pettersen braut ut i kor: «ja, det var kjempefint! Gløymte heilt å sei det.».

Fra Stjernekamp på NRK 12. september 2020. Episode 3 - Country

– Ein av dei beste songarane

4. Knut Marius Djupvik: «I Still Believe in You» Vince Gill, 1992

Etter to kraftutblåsingar dei to førre laurdagane leverte Knut Marius Djupvik no ein rolegare song. Med han tok han dommarane med storm.

– Du heldt tilbake, det var roleg, og du lét meg bli drege inn i stemma di. Du har ein enorm rekkevidd. Du er ein av dei aller beste songarane her, sa ei gira Riise.

Djupvik fortalde at han var veldig nervøs i forkant, men fann roa etter kvart og klarte å kosa seg under framføringa.

– Maktdemonstrasjon! Heilt rått å høyra på, sa ein overtydd Nilsen.

Fra Stjernekamp på NRK 12. september 2020. Episode 3 - Country

5. Emil Solli-Tangen: «Modern Day Bonnie and Clyde» Travis Tritt, 2002

Emil Solli-Tangen var langt ifrå det han vanlegvis gjer, men avslutta med trampeklapp og stormande jubel. Nilsen fortalde at han var svært overraska over låtvalet.

– Eg tek meg i å likte låtvalet veldig bra. Det er tøft og veldig ulikt deg, sa han.

– I starten tenkte eg «kva søren driv han med no?» Det var så kult at du med gitaren tok det heilt ned. Du klarte å skrella av 13 års songteknikk. Eg elskar at du kasta deg ut på glattisen. Dette er det eg lever for, sa ei energisk Riise.

Solli-Tangen gav òg ei kjærleikserklæring til bandet som spelte med han.

Fra Stjernekamp på NRK 12. september 2020. Episode 3 - Country

Hylla for å vera open om panikkangst

6. Hege Øversveen: «You'reie Still The One» Shania Twain, 1998

Hege Øversveen var i kveld på heimebane. Ho var i forkant av framførselen sin open om panikkangsten ho opplevde på scena for fem år sidan, noko ho blei hylla for.

– Eg kjende det var litt nervar, det er sikkert fordi det er countrykveld og du fortalde om panikkangst. Eg er så glad for at du fortalde det, og du syng så stødig og fint. Dette er country, du er country, sa Riise.

Pettersen og Øversveen uttrykte òg kjærleiken sin for kvarandre.

– At du hadde tenkt til å slutta med musikk er sprøtt å tenka på. Du er ein av dei eg ser opp til, sa Pettersen. Øversveen var rask med å gjengjelda dei varme orda.

Fra Stjernekamp på NRK 12. september 2020. Episode 3 - Country

7. Vegard Bjørsmo: «If It Hadn't Been for Love» The Steel Drivers, 2008

Vegard Bjørsmo var i teorien langt utanfor kjende trakter, men på scena oste det sjølvsikkerheit med ei kul haldning.

– Du er veldig ung og vel denne låten og historia, det er heilt rart at du vel denne låten eigentleg, men du «nailar» det, sa Nilsen.

Bjørsmo fortalde at han gjorde ei ny oppdaging om country.

– Eg var nok ein av dei som opplevde country som litt harry, men etter å ha jobba med det har eg innsett kor mykje sjel det har og kor djupt det er. Eg trur aldri eg har måtta vera så kul før som no, sa Bjørsmo som verkte fornøgd etter framføringa.

Fra Stjernekamp på NRK 12. september 2020. Episode 3 - Country

– Det gjekk rykte om deg då eg var yngre

8. Odd Einar: «Tennessee Whiskey» – Chris Stapleton, 2015 (originalversjon George Johnes, 1983)

Odd Einar leverte varme og sjelfulle tonar som såg ut til å sjarmera både dommarpanel og publikum.

I tillegg fekk han høyra at han var ein av Noregs aller beste vokalistar.

– Då eg var yngre gjekk rykte om ein type som blei kalla «den beste vokalisten i Noreg». Du er ein av Noregs aller beste vokalistar, sa ei tydeleg sjarmert Pettersen.

– Dette er ei av mine personleg favorittlåtar. Når du syng til kjærasten din gløymer du å vera anstrengt, og du gjer det mykje betre. Så det må du berre fortsetja med, sa Nilsen.

I salen sat ein stolt kjærast og sende slengkyss.

Fra Stjernekamp på NRK 12. september 2020. Episode 3 - Country

9. Myra: «Hurt» Johnny Cash, 2002 (originalversjon Nine Inch Nails, 1984)

Myra fengde dommarane førre laurdag, men overtydde ikkje NRK sin meldar i like stor grad. I kveld er ho derimot éin av to artistar som skåra ein seksar hos meldaren.

Ho klarte òg å røra Riise til tårer då ho hylla broren sin med den emosjonelle songen «Hurt».

– Denne låten er så vond og sår, og du klarer å ta ho heilt ned og visa smerta i ho. Det er ikkje perfekt sunge, men veldig mykje innleving, sa Riise.

– For meg er det dette musikk handlar om. Du er veldig modig, det var kjempebra.

Fra Stjernekamp på NRK 12. september 2020. Episode 3 - Country

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)