Utsikta frå toppen av Loddo i Austevoll.
Med sine 243 meter over havet er Loddo det høgste fjellet i Austevoll kommune. Det verkar som eit lite og kjedeleg fjell, men er du sprek og tek turen, så får du ei fin oppleving. Løypa til fjellet er merka opp slik at det er lett å finne fram. På veg mot toppen går ein forbi både torvhus, kvilestader for budeier og mykje anna som minner oss om livet for lenge sidan.
Utsikta er viktig - det har austevollingane skjønt
Eivind Unsmo.
Sjølv om det er eit lite fjell, er det god utsikt. Austevoll ligg nemleg ute i havgapet, og frå utkikstårnet på toppen, kan ein skimte rosendalsfjella, Hardangerfjorden, Reksteren og alt det fine landskapet på Vestlandet.
I to år har trebarnsfar og vernepleiar Eivind Unsmo reist rundt i landet og klatra til topps på 47 fjelltoppar. Norge Rundt var med på tur nummer 48. Denne fikse ideen fekk Eivind for to år sidan, då han fylte 40. Han ville gjere noko utanom det vanlege, og tenkte at å klatre til topps på 435 fjell, det hadde gjort seg.
20 kvart år
- Eg prøver å kombinere fjellturar med jobb og familieturar. Slik slår eg to floger i eitt smekk, fortel Eivind. Han skriv loggbok for kvar tur. Bilete, fakta og ein liten rapport frå turen får plass i albuma hans. Målet er å klare 20 toppar i året, men han er redd for at motivasjonen vil minke.
- Eg håpar på å klare det, men eg veit det vil ta tid. Kanskje så mykje som 25 år, seier han og ler.
Anna T. Lunestad og Lilliann Skåla frå Rosendal ungdomsskule har hatt arbeidsveke i Norge Rundt-redaksjonen denne veka. Det er dei som har skrive denne artikkelen.
Følg Eivind og programleiar Øystein Skotte på tur til Loddo i Norge Rundt, NRK1, 21. november, kl. 19.30.