NRK Meny
Normal

Fekk augene opp for snublesteinane gjennom Pokémon Go

Timelange gåturar, interne konkurransar og merksemd til viktig historie. Gjengen med Pokémon Go-aktive som feira eittårsdagen saman torsdag, ser fram til nye eventyr.

Simen Sebastian, Gunnar, Sverre og Simen

Simen Sebastian, Gunnar, Sverre og Simen har møtt kvarandre gjennom Pokémon Go. Alle tilhøyrer Valor - det raude laget.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Ein av dei heilt første dagane eg spelte Pokémon Go i Trondheim, brukte eg ein time på å gå heim. Vanlegvis tok eg taxi, men denne kvelden gjekk eg – berre for å fange Pokémon, seier Simen Mikkelsen.

Torsdagskvelden er lagt til Café Sara i Torggata i Oslo. Praten går livleg mellom dei frammøtte – både om pokémon, fotball, matinteresse og livet generelt.

Gjengen som er samla har alle møttest gjennom eit mobilspel.

– Eg kjende absolutt ingen av desse frå før, seier Simen Sebastian Thoresen og kikar blidt på menneska han no har sett av nok ein kveld til.

Valor på Café Sara

Ein stor gjeng frå Valor, det raude laget i Pokémon Go, samla seg på Café Sara i Oslo torsdag for å feire eittårsdagen.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Dei fleste slutta

Thoresen omtalar det heile som merkeleg, men positivt.

– Det har blitt eit lite samfunn i spelet. Vi møtte plutseleg dei same menneska om og om igjen, seier Thoresen.

– I starten spelte eg med venner og kjente eg hadde frå før – for absolutt alle prøvde Pokémon Go i ein time eller ti dagar. Dei fleste slutta derimot etter kvart, seier Mikkelsen.

Gjengen som har samla seg for å feire eittårsdagen er kanskje ikkje dei meinigmann tenkjer som mest aktive i Pokémon Go. Realiteten er derimot at menn og kvinner i 20-, 30- og 40-åra dominerer.

Erik Fossum

Erik Fossum i Pressfire meiner nostalgi gjer at svært mange vaksne menn og kvinner spelar Pokémon Go aktivt.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Ikkje overraska over målgruppa

For Erik Fossum, speljournalist i Pressfire, er det lite overraskande at vaksne menn og kvinner er dei mest aktive.

– Det er ein «inside joke» i spelindustrien. Skytespel blir marknadsført mot dei som er 18 år og eldre, men blir spelt av dei som er 14 og 15 år. Så har du Pokémon som blir marknadsført mot ungar og ungdom, men som blir spelt av dei som er i 20- og 30-åra.

For dei som har følgt spelindustrien over tid er der nostalgi involvert med Pokémon Go.

– Pokémon kom først ut i 1998, så det er snart 20 år sidan dei første spela kom på Gameboy og sette rekordar. Folk har vakse opp med desse spela.

– Dei som var 10 år og spelte Pokémon då er jo straks 30 år i dag, smiler Fossum.

Dette er noen av de såkalte «snublesteinene» som er murt ned i Elverums gater til minne om jøder som

Snublesteinar som desse kan plutseleg dukke opp som pokéstop eller gymmar i Pokémon Go. Ofte står det informasjon ein kan lese for å lære meir om kva dei ulike landemerka er.

Foto: Stein S. Eide, NRK

Snublesteinar

For gjengen på Café Sara har interne konkurransar og mange timar på sykkel og til fots for å fange pokémon saman, skapt eit unikt samhald. For Mikkelsen har det i tillegg gitt historiekunnskap.

Inne i spelet er nemleg pokéstop og gymmar knytt til historiske landemerke, statuar og kyrkjer.

– Eg hadde aldri lagt veldig merke til snublesteinane før eg starta med Pokémon Go. Men det er jo snublesteinar overalt!

Snublesteinar er kunstprosjektet til den tyske kunstnaren Gunter Demning, der kvar snublestein er eit minnesmerke etter ofre etter Holocaust.