For vel eit år sidan sendte jentebandet Second to None ei plate til ein onkel i USA. Han skulle ha kontaktar i platebransjen, og dei tre håpefulle sat heime på jenterommet og venta i spenning. Ein drøm vart verkeleg for Lena, Jenni og Kristine. Onkelen hadde knytte kontakt med verdas største plateselskap Columbia Records. Selskapet ville ha dei tre over til USA for å bli stjerner på popphimmelen.
- Vi trudde sjølvsagt på sjansen. Kven hadde ikkje gjort det, seier Lena Brimsøe Viste.
Draumen brast
I ei lita leilighet på Manhattan i New York jobba tre jenter døgnet rundt med å skrive låtar. Jentene knytte gode kontaktar. Produsenten John Poppo, som har produsert for Janet Jackson, Whitney Houston og boybandet N`Sync, gav gode tips til låstkrivinga.
Ting tek likevel til i platebransjen, særleg dersom du har ein manager som ikkje legg sjela si i det du driv på med. For Second to None, lovde manageren meir enn han kunne.
- Han skulda på 11. september og sa at ting tok tid. Hadde han jobba meir for oss er vi sikre på at det kunne gått betre. – Med dårleg økonomi, ein håplaus manager og litt heimlengsel var det ikkje noko å satse på. Vi levde på ein sekk med ris og ketsjup eit år, humrar Lena.
Tilbake til skulen
Eit år etter er Jenni, Kristine og Lena tilbake i Randaberg, like utanfor Stavanger. Kontrakten med Columbia Records er løyst, men jentene skal likevel tilbake til USA.
- Vi går og tel dagar. I august skal vi over igjen for å spele inn ein skikkeleg demo, men denne gongen er det for eit talentselskap som bringer demoen vidare.
Dei tre må likevel raskt tilbake til Norge etter demo innspelinga. Lena og Jenni Galta har eit år igjen av vidaregåande skule.
- Vi utsette det siste skuleåret då tilbodet frå Columbia kom. Litt bittert er det å ta igjen skulen no, men det må vi berre gjere. Vi får bruke året til å skrive gode låtar, og kanskje håpe på at noko skjer her heime, seier Lena.
Eit håp om Norge
Second to One har ein levande draum om ei musikk karriere. Dei tre lagar lett pop som gjerne minner litt på det Lene Marlin lagar. Etter at dei kom tilbake frå USA har dei fått hjelp av Svein Olav Hyttebakk i Elle Melle til å spele inn ein demo med tre låtar. Med Låten ”You and Me” er dei vinnar av p1 demo veke 28. Lena og Kristine Galta syng, medan Jenni spelar gitar.
- Svein Olav har lagt på andre instrument, slik at det låt litt betre. Demoen er sendt ut til ein del selskap her i Norge utan at vi har høyrt noko. Skjer det ikkje noko her heime i løpet av det komande året, så reiser vi tilbake til USA. Då står vi på egne bein og veit litt meir kva vi må gjere for å kome oss fram, hevdar Lena.