I forrige veke fekk vi som kjent ei ny avis. Bladet Se og Hør kjem ut to gangar i veka, og definerer seg sjølv som avis, blant anna for å sleppe moms, som vekeblad er pålagt, mens aviser slepp unna. Dette utløyste sjølvsgat ein debatt om kva slags type journalistikk bladet, eller avisa, driv med. Er kjendisar, sladder og pikante avsløringar godt nok til å kalle det nyhetsstoff?
Debatten er ikkje ny. Bladet Se og Hør såg dagens lys i 1978, og skandalejournalistikken var då som no - eit godt utgangspunkt for satiren.
Klikk på lenka i medieboksen over for å høyre lydklippet som er henta frå programmet ”Så gøy det var i september" i 1978. Terje Hoel innleder; og i sketsjen høyrer vi Per Theodor Haugen og Wilfred Breistrand. Det har altså gått 25 år, men saken kunne nesten like gjerne vore laga no.
Norgesglasset NRK P1 24. september.