Hopp til innhold

Rybak lærte portugisiske musikkelevar «Fairytale»

– Dette gjev meg inspirasjonen eg treng før konkurransen, sa Alexander Rybak då han underviste elevar ved Metropolitana School of Music i Lisboa.

Alexander Rybak

STJERNUNDERVISAR: Alexander Rybak gjester musikkskule i Lisboa og lærer bort «Fairytale».

Foto: Morten Kaiser

Alexander Rybak er på plass i Lisboa, der han skal delta i den europeiske MGP-finalen denne veka.

Rybak er første mann ut i delfinalen på torsdag.

Alexander Rybak var invitert til Metropolitana musikkskole måndag denne veka for å møte lokale musikkelevar.

Rybak presenterte seg sjølve med dei få portugisiske glosene han kan, til stor glede for dei portugisiske musikkelevane.

Framfor eit 50-tals musikkelevar heldt Alexander Rybak ein to-timars sesjon med undervisning. Den første timen blei brukt til å lære elevane «Fairytale»

Deretter gjekk Alexander Rybak grundigare til verks, og underviste koret og strykarane i korleis ein skal varme opp og framføre framfor eit stort publikum. Rybak fortalde elevane at han var veldig begeistra for invitasjonen.

– Eg er i Lisboa for å delta i den internasjonale MGP-finalen, men det er klassisk musikk som ligg mitt hjarte nærast. Difor er eg så glad for å bli invitert til denne skulen med så mange talentfulle elevar. Her kan eg få den inspirasjonen eg treng før konkurransen, sa Rybak til stor applaus frå elevane.

Alexander Rybak

GIR TIPS OG RÅD: Alexander Rybak gjev elevane tips og råd til korleis dei kan varme opp og framføre framfor eit stort publikum.

Foto: Morten Kaiser

Skryter av Rybak

Fram mot torsdag er det full fokus på delfinalen der Rybak skal i elden. Alexander Rybak og Norge ligg nå på tredje plass på bettinglistene bak Kypros og Israel.

Norske Jon Ola Sand, som er produsent og sjef for heile den internasjonale MGP-produksjonen, er imponert over Rybak.

John Ola Sand

EUROVISION-SJEF: Jon Ola Sand frå Norge er sjef for den internasjonale MGP-finalen. Han har trua på Rybak.

Foto: Ekroll, Anne Liv / Anne Liv Ekroll, NRK

– Eg er så stolt av Alexander Rybak, eg syns han er så flink. Eg blir glad av å sjå han på scenen, så eg er ikkje i tvil om at han er ein av favorittane, seier Jon Ola Sand.

Han trur NRK vil gjere ein strålande jobb, dersom Rybak går sigrande ut av konkurransen og NRK ender opp med å arrangere den internasjonale finalen neste år.

– Det vil vere ei glede å jobbe med NRK på dette, så det ville vere moro, seier Sand.

Til vinnarlandet som skal arrangere Eurovision neste år har Sand ei god nyheit.

– Nå arrangerer Lisboa den billigaste Eurovision Song Contest sidan 2008, faktisk billigare enn vi greidde å gjere det i Norge i 2010, etter at Rybak vann sist. Det lover bra, seier Sand.

Alexander Rybak vant Melodi Grand Prix i Oslo Spektrum i kveld med låten «That’s How You Write a Song»

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober