NRK Meny
Normal

Russland nektar kontroversiell kunstnar pris

Kunstnaren har tent på hovudkvarteret til den russiske tryggingstenesta og stifta fast pungen utanfor Kreml. No nektar det nasjonale senteret for samtidskunst i Russland å nominere han til den statlege kunstprisen.

RUSSIA-POLITICS-PROTEST-RIGHTS-ART

Pjotr Pavlenskij sette fyr på dørene til FSB i november i fjor.

Foto: NIGINA BEROEVA / Afp

Den russiske kunstnaren Pjotr Pavlenskij sette fyr på dørene til hovudkvarteret til den russiske tryggingstenesta, FSB, i november. Dette gjorde han i protest mot den makta det hemmelege politiet har. Pavlenskij blei pågripen like etter stuntet, og har sete fengsla sidan.

Det statlege nasjonale senteret for samtidskunst deler kvart år ut prisar til russiske kunstnarar som har utmerka seg. Pavlenskij var nominert i klassa for visuell kunst, men senteret seier no at nominasjonen er avvist.

– Vanskeleg nominasjon

Russia Artist Arrested Pyotr Pavlensky

Pavlenskij har sete i varetekt sidan november i fjor.

Foto: Pavel Bednyakov / Ap

Generaldirektør Mikhail Mindlin seier i ei melding at performancen blei droppa fordi han var eit brot på lova og gjorde materiell skade.

– Å nominere eit verk som inneheld eit lovbrot til ein konkurranse som blir arrangert av ein statleg organisasjon som tek imot stønad frå kulturdepartementet er umogleg for oss.

Kunstkritikar Anna Tolstova, som er medlem i det rådgjevande utvalet til prisen, seier til The Art Newspaper Russia at ho nominerte performancen med samtykke frå Pavlenskij sjølv, og at verket var det som fekk flest stemmer frå kunstekspertane.

Avgjerda om å nekte nominasjonen førte til at Tolstova og to andre medlemmar trekte seg frå det rådgjevande utvalet, og at heile kategorien blei droppa.

Kontroversiell kunst

FSB voina

Gatekunstgruppa Voina fekk den statlege kunstprisen for denne teikninga av ein kjempepenis rett ved FSB i Sankt Petersburg.

Foto: Voina

Kunstprisen har tidlegare gått til kunstprosjekt som har protestert mot makta. I 2011 fekk gatekunstgruppa Voina prisen for å ha malt ein kjempepenis på ei klaffebru rett overfor hovudkvarteret til FSB i Sankt Petersburg. Kulturdepartementet i Russland kalla bildet ekkelt, men sa dei ikkje ville blande seg inn i avgjerda til juryen.

Pavlenskij er for tida innlagt på eit psykiatrisk sjukehus i Moskva. Han skal sitje i varetekt til 6. mars.

Han har tidlegare gjennomført fleire kontroversielle kunststunt. I 2012 protesterte han mot fengslinga av Pussy Riot ved å sy igjen munnen. Året etter stifta han fast pungen på Den raude plassen i Moskva. Han blei tiltalt for vandalisme, og kan måtte sone opp mot tre år i fengsel.

RUSSIA/ Pyotr Pavlensky sits on pavestones of Red Square during protest action in front of the Kremlin wall in central Moscow

I 2013 stifta Pavlenskij fast pungen i Den raude plassen i Moskva.

Foto: STRINGER / Reuters