Salman Rushdie har levt under eit tungt sikkerheitsregime sidan han sleppte boka «Sataniske vers» i 1988. Boka blir av mange sett som blasfemisk, og er forbode i fleire land, deriblant Iran.
Kvifor er boka så kontroversiell?
– Rushdie skriv satirisk om nokre sider ved islam, og det oppfattar nokre muslimar som krenkande, seier Anine Kierulf, førsteamanuensis i offentleg rett ved Universitetet i Oslo.
Det er eit klart skilje mellom dei aller fleste muslimar, som toler det dette fint, og ei lita gruppe valdelege ekstremistar som ikkje gjer det. Det seier rettsviter Anine Kierulf ved Universitetet i Oslo.
Foto: Kristin Sverre Østensvik / NRKDømte til døden for boka
Så krenkande at den dåverande leiaren i Iran, Ayatollah Khomeini, dømte Rushdie, samt alle utgjevarar og omsettarar av boka til døden i 1989.
Dødsdommen blei nesten fullbyrda i Noreg då Rushdie sin norske forleggar, William Nygaard i Aschehoug, blei skoten utanfor sin heim i Oslo i 1993.
Ein tidlegare iransk diplomat er sikta for medverking til attentatet på forlagssjefen.
Står ved Rushdie
Trass i store konsekvensane samarbeidet har hatt for Aschehoug, så har forlaget stått last og brast med Rushdie gjennom alle desse åra.
Salman Rushdie og William Nygaard på hagefest hos Aschehoug i 1992.
Foto: Morten Holm / NTBI morgon skal nemleg eit titals av deira forfattarar lesa høgt frå «Sataniske vers» i Aschehoug-hagen i solidaritet med forfattaren som nyleg blei hardt skada under ein litteraturfestival i USA.
– Som hans forlag vil me naturlegvis visa vår støtte og stå i solidaritet med Salman Rushdie, seier Mads Nygaard.
Salman Rushdie måtte nesten bøta med livet då han blei angripen med kniv under ein litteraturfestival i New York den 12. august i år.
Foto: KENZO TRIBOUILLARD / AFPHan er son av William og noverande forlagssjef i Aschehoug. Nygaard fortel at norske forfattarar reagerer med sjokk og vantru når ytringsfridomen blir utfordra på med vald.
– Opplesinga viser med all tydelegheit at norske forfattarar ikkje aksepterer angrep på ytringar og forfattarar som står bak dei.
– Eg håpar så mange som mogleg tar turen for å visa det same, fortsett Nygaard.
Mads Nygaard er i likskap med sin far forleggar for Salman Rushdie. – Me vil med markeringa visa vår solidaritet med han, seier han.
Foto: Kristin Sverre Østensvik / NRKStort sikkerheitsoppbod rundt arrangementet
Men det er ikkje utan risiko ifølge stabssjef ved Oslo politidistrikt, Harald Nilssen. Det gjeldande trusselnivået i Noreg er på nivå fire, som er høgt.
– Med eit slikt trusselnivå vil det alltid vera ein restrisiko, seier Nilssen, som forklarer at Politiets tryggingsteneste si vurdering ligg i botn for sikkerheitsopplegget som er planlagt for markeringa.
– Deira vurdering, kombinert med informasjon me sit på og tematikken, gjer at me kjem til å stilla opp ekstraordinært med uniformert og væpna politi i området, fortsett han.
Politiet gjer dei sikkerheitstiltaka trusselnivået og arrangementet tilseier, seier stabssjef Harald Nilssen ved Oslo politidistrikt.
Foto: Oslo politidistriktKva seier sikkerheitsopplegget om ytringsfridomen i Noreg?
– Ytringsrommet i utgangspunktet er svært stort, trygt og lite trua, men på akkurat dette område så er sikkerheitsbehovet stort fordi nokre radikale islamistar meiner det er i orden å bruka vald mot visse kontroversielle ytringsberarar, seier Kierulf.
– Eg uttalar meg om kontroversielle ytringar heile tida, så eg registrerer at det berre er når det gjeld denne tematikken at ein ser slike sikkerheitsoppbod, legg ho til.
– Ein kamp me alle må ta
Det skremmer ikkje forfattar Ingar Johnsrud, som er blant dei som skal framføra utdrag frå den kontroversielle boka.
Forfattar Ingar Johnsrud er ikkje uroleg før solidaritetsmarkeringa for Salman Rushdie.
Foto: Kristin Sverre Østensvik / NRK– Det er det minste me kan gjera, spesielt i tider som dette, seier han.
Johnsrud fortsett:
– Salman Rushdie er ein mann som har gått i front for oss alle ved å representera nokre av dei aller viktigaste fridomane me har. Retten til å skriva, seia og meina kva ein vil.
Både han og forlagssjef Nygaard har full tiltru til politiet sine sikkerheitsvurderingar.
– Me må kunne stå imot. Me må kunne seia det me meiner og har på hjartet utan å vera redde for vald og truslar. Dette er ein kamp me alle må ta, avsluttar Johnsrud.