Roskilde skulle ha arrangert festival nummer 50 i 2020. Men koronapandemien sette ein effektiv stoppar for det. I staden sette dei alt inn på feire jubileet året etter. Men også då måtte dei avlyse.
Men alle gode ting er som kjent tre, og tysdag offentleggjorde festivalarrangørane dei 23 første artistane til jubileumsfestivalen som blir arrangert 25. juni til 2. juli neste år.
Blant artistane finn vi både amerikanske Black Pumas, som spelte på innsettingsseremonien til Joe Biden i januar, og det danske pophåpet Jada som etter planen skulle ha spelt både i 2020 og 2021.
Rap og søsterrock
Også den amerikanske rapparen Tyler, the Creator skulle ha spelt på dei avlyste festivalane i 2020 og 2021. Men han får ein ny sjanse, og står på plakaten også til neste år.
I tillegg til å vere artist, har Tyler, the Creator også utmerka seg som plateprodusent og klesdesigne.
Han får selskap av blant andre dei amerikanske søstrene i Haim, artisten St. Vincent og den britiske artisten Arlo Parks, som tidlegare i år vann den britiske Mercury-prisen for debutalbumet «Collapsed in Sunbeams».
Britisk popstjerne med norsk hjelp
Ein annan artist som skal stå på scenen på Dyrskuepladsen i Roskilde til sommaren er britiske Dua Lipa. Ho var ein av dei mestseljande kvinnelege artistane i 2020, ifølge Billboard.
Hennar andre album «Future Nostalgia», som kom samtidig som verda stengde ned i mars i fjor, fekk god mottaking både blant kritikarar og publikum. Albumet gjekk til topps i Storbritannia, og fekk også Grammy-prisen for beste popalbum.
Lipa er blant anna kjent for hitlåtane «Break My Heart», «Levitate» og «Don't Start Now», som er delvis skriven av den norske låtskrivaren Caroline Ailin. I sommar fekk ho Musikkforleggerprisen for årets mest spelte låt.
Frir til dei unge
Etter to tapte festivalsomrar vil Roskilde-festivalen også gjere ekstra stas på dei som er under 25, utvidar dei kapasiteten på festivalområdet, og legg ut 5000 ekstra billettar som er øyremerka denne aldersgruppa, skriv festivalarrangøren i ei pressemelding.
Les også:
Berre 5000 av dei 80.000 som hadde billett i fjor valde å få dei refundert. Desse billettane blir lagde ut for sal torsdag.
Dei øyremerkte billettane blir lagde ut 30. november.