King kjempa mot tårene då han takka for seg. 77-åringen har leidd programmet på CNN sidan 1985. Han har ikkje tenkt å gi seg som programleiar, men for dette programmet er det ugjenkalleleg slutt.
- God kveld og velkomen til det siste Larry King Live. Det er vanskeleg å seie dette, sjølv om eg visste at denne dagen ville kome, sa han då han innleidde programmet.
Her deltok også president Barack Obama i eit innslag som var innspelt på førehand. Obama kalla King for ein av fjernsynet sine gingantar, medan California-guvernør Arnold Schwarzenegger tidlegare på dagen kunngjorde at torsdag skulle vere Larry King-dagen.
I løpet av dei 25 åra Larry King Live har vore på lufta har han intervjua dei fleste av toppane innan politikk og underhaldning. Han har blant anna hatt alle amerikanske presidentar sidan Gerald Ford som gjestar i programmet.
I natt var kona hans, den sjuande i rekka, og sønene på 10 og 11 år gjestar i studio.
Men King er ikkje ferdig med fjernsyn. Det blir ikkje meir Larry King Live, men han har planlagt andre prosjekt.
- I staden for å seie farvel, kva med på gjensyn, sa han med tårer i augene før studiolysa gjekk i svart.
VIDEO: - Dumme bukseseler og håpløse spørsmål
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: