Av:
Marta Norheim
Helle Helle
Rødby - Puttgarden
Oversatt av Trude Marstein
Oktober 2006
For mange er ferjestrekninga Rødby-Puttgarden vegen ut til den store verda. For søstrene Jane og Tine er det stikk motsett. Frå fast plass i parfymeavdelinga på ferja sel dei sminke til kvinner som er på veg til ein annan stad, før dei sjølv vender tilbake til Rødby der dei deler husvære og ansvar for Ditte som er Tines barn med ein passasjer ho har gløymt namnet på.
Det skjer ikkje særleg mykje i parfymen i løpet av ein arbeidsdag, det kan eg røpe utan å seie for mykje. Mennene som kjem innom butikken er vanlegvis utstyrt med handleliste og alle forstår jo kven som har skrive den, og at flørten med parfymedamene neppe er innleiinga til eit fast forhold.
Fengslande
Det skjer lite på sjøen og mindre på land. Likevel har Helle Helle skrive ein roman som det gløder av, det er rett og slett ein "pageturner" der sidene snur seg av glede over treffsikre formuleringar, over vittig situasjonskomikk, eller fordi ein må få greie på om den litt enkle husvenen Bo nokon gong greier å reparere gyngestolen som symbolsk nok er yndlingsmøbelet til ferjesøstrene.
Og etterkvart ser vi at Tine er den livlege jenta som er heilt på plass i ferjelivet. Mens Jane valte å bryte av studiane i ein annan by fordi ho lengta heim, og den historia ho fortel er også historia om kva som må til for å leve eit liv som er meir enn berre å halde liv i seg. Jane er ein skarp observatør, og legg merke til at viss mora blir spurt om korleis ho har det, fortel ho alltid kva ho har gjort den dagen.
Litt slik er romanen også. Den fortel kva som skjer, men kjenslene får du sjeldan. Det er berre store forfattarar som greier å skape ei så rik historie med så små verkemiddel. Å lese «Rødby - Puttgarden» tek omtrent like lang tid som overfarten, men romanen set langt meir varige spor.
Kulturnytt, NRK P2, 14. juni 2006