Hopp til innhold

Rockar hardt utan naboklager

"Gje ungdomen ein gitar, før idretten tek dei", heitest det. I går blei norske ordførarar overtydd om korleis det skal skje.

Musikkbinge
Foto: Musikkutstyrsordningen

Idrettsinteresserte barn har lenge hatt ballbingar å slå seg lause i. Men no kjem musikkbingen for full guffe.

Musikkutstyrsordningen har i 2009 fått 10 millionar kroner frå Kulturdepartementet som er øyremerka til etablering av musikkbingar over heile Norge.

Kulturministeren og smårockarane

Kulturminister Trond Giske er bingefan.

Foto: Jacob Kirkevaag, lokalavisa Groruddalen

Kulturminister Trond Giske var tilstades då lyden inne i og utanfor ein musikkbinge blei demonstrert på terassen på SAS-hotellet i Oslo i går, for ordførarar og rådmenn frå heile landet.

- Vi har mange veldig små kommunar i Norge. Men til ein pris på 120 000 kroner, kan sjølv dei minste kommunane ha råd til èin binge.

Og med dørene attletne, kunne kulturministeren konstatere at lyden nesten ikkje var høyrbar utanfor bingen.

- Det gjeld å ha døra lukka, det er ein fordel. Dei erfaringane vi har frå der bingane står er veldig gode. Og i mange nabolag gler ein seg over at ungdomen har gode fritidstilbod, det er med på å skape gode oppvekstvilkår.

Slår seg lause utan naboklager

Kristian og Mikkel Waaler

Kristian og Mikkel Waaler.

Foto: Jacob Kirkevaag, lokalavisa Groruddalen

Kristian og Mikkel Waaler nyt godt av musikkbingen på Bjerke i Oslo.

Saman med resten av bandet «Sugar Smoke» øvar tiåringane i bingen kvar veke. Saman lagar dei hiphop og rock.

- Vi kan berre slenge oss lause på gitar, bass og trommer, og skrike ut.

Og det er ingen som klager på at dei slår seg lause på øving, for musikkbingen er støytett.

Det mobile bandøvingslokalet har også ventilasjon, golvvarme og ikkje minst god akustikk.

Det einaste kommunane må stille med for å få ein slik binge, i tillegg til pengar, er ein stad å plassere øvingsbingen.

- Dei må stille ei flat tomt på kring 100 m2, støype fundament i henhold til anvising på nett, og ein straumkabel med 32 ampere. Det er alt, seier prosjektleder Bjørn Boge.

100 bingar i produksjon

Ordførar i Porsgrunn, Øystein Beyer, fortel at bingane er veldig populære i kommunen.

- Vi har fire slike bingar, og dei blir nytta ekstremt mykje av musikkinteressert ungdom.

I dag finst det 46 musikkbingar i Norge. 100 nye er i produksjon, og ventar berre på ei kommune å komme til.

Og ein av dei hamnar kanskje i Vestby. Ordførar John Arthur Ødbehr vil ikkje vere dårlegare enn sin kollega i Porsgrunn.

- Rådmannen er ikkje heilt einig, men som gamal musikar føler eg at vi må få til dette. Vi har jo eit overskot på 2008-budsjettet, som rådmannen vil setje på fond.

- Men eg trur kanskje vi må prioritere ein musikkbinge.

Kulturstrøm

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.

  • Madonna avslutter turné med stor gratiskonsert

    Madonna skal holde en enorm gratiskonsert på Copacabana i Rio de Janeiro 4. mai som avslutning på Celebration-turneen som startet i oktober.

    På Madonnas nettside omtales konserten som hennes «største show hittil». Den er en «takk til fansen for å ha feiret musikken hennes i mer enn fire tiår».

    Madonna
    Foto: Evan Agostini / AP