Newton ville sjå korleis det er å vere ein supermoderne kalv. Difor reiste vi på besøk til Hans Hornemann sin gard. Der må alle kalvar lære seg ny teknologi når dei er berre nokre veker gamle.
Teknolog-kalven Sigrid
Unni mater kalven Sigrid (Foto: NRK)
Kalven Sigrid var berre to veker då vi var på besøk, og ho fekk framleis mjølk frå flaske. Men snart må ho også til pers i det moderne fjøset, og lære seg den nye teknologien.
Hos Lars får alle kalvane databrikker rundt halsen frå dei er ganske små. Databrikkene inneheld informasjon om kven kalven er, og når han åt mat sist. Når kalven får lyst på mjølk, kan han gå bort i ei foremaskin som les av databrikka og finn ut om det er lenge nok sidan sist kalven fekk mjølk. Maskina passar på at kalvane ikkje får meir enn 8 liter om dagen, elles får dei vondt i magen.
Eit fritt kuliv
Litt unna innhegningane til dei viltre småkalvane held kyrne til. Dei er litt meir bedagelege enn kalvane. Dei hoppar ikkje rundt omkring i båsen med glade sprett slik som kalvane gjer. Ikkje så rart, for ei ku veg jo omlag eit halvt tonn og er ikkje så lett på foten lenger.
Men det er nok ikkje så verst å vere ku likevel, for moderne kyr kan sjølv bestemme kva dei vil bruke dagen sin til. Viss dei er svoltne, ruslar dei bort til siloforet og gnafsar i seg litt av det. Når det er på tide å drøvtygge, vraltar dei bort til kumadrassa si og legg seg godt til rette der. Nokre av kyrne sovnar til og med på madrassene sine medan dei ligg og tygg gras.
Populær robotmjølkemaskin
Dataopplæringa startar tidleg i moderne fjøs (Foto: NRK)
I dette moderne fjøset treng ikkje gardbrukaren å mjølke kyrne sjølv, han har nemleg ein robot som tar seg av det. Kyrne går heilt frivillig inn i roboten for å bli mjølka, for der får dei nemleg kraftfor som er det beste snopet dei veit.
Faktisk er det så populært å gå i roboten at enkelte kyr besøker den opptil 60 gongar om dagen! Men det hjelp ikkje å gå dit mange gongar, kyrne blir uansett berre mjølka tre gongar om dagen – og dei får kraftfor berre når det er deira tur til å bli mjølka.
Smart som ei ku?
Dagens kyr følgjer altså med i tida dei også. Det ser ut til at dei klarer det så bra at vi vel snart bør slutte å seie ”dum som ei ku”.