Stjernekamp er over, og ti artistar har forlate konkurransen.
«Last woman standing» i konkurransen var Rita Eriksen som stakk av med sigeren etter å ha kjempa iherdig mot finalemotstandar Tuva Syvertsen.
Skal feste som ein 17-åring
EIN DRAUM: Rita Eriksen seier det har vore ein draum å vere med, og at det var ei fantastisk kjensle å vinne.
Foto: Julia Naglestad / NRK– Dette har vore ein stor draum. Det var ei heilt fantastisk kjensle då eg vann. Tuva var jo favoritten, ho har aldri vore i faresonen, så dette var ei stor overrasking for meg, seier Rita.
– No skal eg feste som ein 17-åring lovar ho til NRK.no.
Ho fortel at Stjernekamp har betydd mykje for karrieren hennar, og at utstillingsvindauget ho har fått gjennom arrangementet har vore fantastisk.
– Eg trur eg har fått mange nye fans i løpet av desse vekene. Eg held på med ei ny plate no, og den kjem nok til å bli litt påverka av stjernekamp, det er litt meir fart i den, held ho fram.
– Noreg sin beste songar
Rita Eriksen opna kvelden med å gi oss eit attersyn med Walk av Foo Fighters, og hausta skryt og store ord frå dommarane.
LES OGSÅ:
Ikkje minst fekk ho den uoffisielle tittelen Noreg sin beste songar av ekspert Ole Evenrud.
– Du er definitivt ein av Noreg sine beste songarar. Det visste vi allereie. Men det vi ikkje visste, var at du har litt ti år betre på to månader, seier Ole Evenrud.
Det er nesten to månader sidan ho framførte Walk for første gong, og sjølv seier Rita at ho fann eit ekstra gir då ho framførte den i kveld.
LES OGSÅ:
– Eg fekk ei kjensle av å ha vore utsvelta heile veka, og endeleg fekk mat. Eg fann eit ekstra gir, det var nok litt finalepress som kicka inn, seier ho.
På to månader har Rita sunge alt frå opera og folkemusikk til hip hop og Britney Spears. Som låt nummer to i kveldens finale valde ho sin eigen song The Water is Wide saman med broren Frank Eriksen.
– Ikkje syng berre balladar
Etter å ha framført Aretha Franklin-låta «Think», fekk Rita Eriksen klar beskjed om å halde fram med slike låtar.
– Det var så fantastisk, eg blir så deppa dersom du berre skal synge balladar framover, du kan ikkje gjere det mot oss, sa ekspertdommar Mona B. Riise.
Om motstandaren Tuva har Rita berre godord.
Saka held fram under biletet
MÅTTE GJE TAPT: Etter å ha imponert i fleire sjangrar gjennom ti veker, måtte Tuva nøye seg med ein andreplass i Stjernekamp.
Foto: Julia Naglestad / NRK– Tuva var ein fantastisk motstandar, eg har blitt ein veldig Tuva-fan i løpet av desse vekene, seier ho til NRK.no.
– Rita fortener dette
Tuva Syvertsen har gjennom heile Stjernekamp overraska og imponert ekspertpanelet, men seier ho unner Rita å vinne.
– Eg unner Rita dette, og ho fortener det sjølv om eg er ein dårleg tapar, sa Tuva då beskjeden var klar.
På Twitter kom kanskje den dårlege taparen meir til syne, då Tuva skreiv «føkkføkkføkk» rett etter kveldens program.
Saka held fram under biletet
Gjorde Eminem til sin eigen
Tuva starta kvelden med å gi eit kjært attersyn med sin heilt eigne versjon av Lose Yourself av Eminem.
– Eg trur ikkje folk forstår kor mykje som ligg i å lage ein coverversjon av denne låta, det er ein enorm idrettsprestasjon, bortsett frå at musikk ikkje er som idrett, sa gjesteekspert Tommy Tee.
LES OGSÅ:
– Musikk handlar om å gi frå hjartet, og Tuva kan den magiske kunsten å gjere ei Eminem-låt til sin eigen, held han fram.
Ny Valkyrien Allstars-singel
ALLSTARS: Heile gjengen i Valkyrien Allstars stilte opp for å framføre den nye låta Grøfter saman med Tuva Syvertsen
Foto: Julia Naglestad / NRKTuva fekk med seg bandet sitt i Valkyrien Allstars for å framføre den ferske singelen Grøfter, og ho syns det var svært å vere på heimebane att.
– Eg har på eit vis famla rundt i blinde i så mange veker, så det var veldig stas å få vise fram dette.
Som sistelåt drog Tuva til med Piece of my heart av Janis Joplin.
Ekspertdommar Ole Evenrud blei så slått ut at han om lag mista språket.
– Du ramla ned frå himmelen så berre «boff» og så var du der liksom.
– Det raspar akkurat som det skal
Ekspertdommar Mona B. Riise hadde litt fleire ord på lager om Tuva si Janis Joplin-låt.
– Ei utruleg passande låt som får vist stemma di på sitt beste, det raspar og det er akkurat som det skal, det var heilt vilt og herleg, seier som ikkje manglar på superlativ når ho skal prøve å uttrykke råskapen i stemma til Tuva.
NRK sine sjåarar diskuterte finalen undervegs i sendinga. Den diskusjonen kan du sjå ved å klikke under: