Seint i fjor haust låg ungdom over heile verda i kø i vekesvis framfor kinoar for å få billett til den tredje og siste Ringenes Herre-filmen. Då uttalde leiar i sosial-etaten, Margareta Olofsson, at det var greit å telte på offentlege plassar for kinobillettar.
Aksjonerar
Teltkø utenfor Collosseum før Ringenes Herre hadde premiere i Norge. Foto: Knut Fjeldstad / SCANPIX
Sidan ungdom kan slå opp telt-leir midt i byen så kan vi gjere det samma, tenkte Sten Hurtig og Rolf Nilsson som representerer "Föreningen Stockholms Hemlösa". Dermed var det berre å finna seg ein god film langt fram i tid, og sette opp teltleir ved Medborgarplatsen. Leiren vart satt opp som ein protest mot Margareta Olofsson, og "Föreningen Stockholms Hemlösa" ønskte slik å aksjonere for å setje fokus på dei heimlause sin situasjon.
Men det viste seg at det blei for kaldt for dei heimlause å liggje i telt, og at dei fekk lungebetennelse. Difor ga dei seg etter kort tid.
No er det ikkje lett å få tak i folk utan hus - dei er sjeldan heima - so da nærmaste redaktør Tokvam kom, var ein telfonsvarar hjå organisjonen deira. Difor har redaktør Finn Tokvam snakka med nyheitsredaktør Hans Olsson i avisa Dagens Nyheter, som fortel om aksjonen.
Vetle-Ivar stillar sjølvsagt med faktaboks. Klikk på lenka i medieboksen over for å høyre heile innslaget.
Lagt til rette for Internett av Per Kristian Johansen.
Norgesglasset NRK P1 22.01.04
Vetle-Ivars faktaboks | ||
---|---|---|
Namn: | Alexander den store | |
Yrke: | Makedonsk konge og hærførar | |
Eigenskapar: | Var ein sattan med sverden | |
Skal i fylgje tradisjonen ha løyst den gordiske knute med sverdet sitt | ||
Daua 33 år gamal |