Langsteikt, saftig ribbe:
ca. 2 kg svineribbe
2 ms salt
2 ms grovmalen pepar
½–¾ l vatn
Gni ribba inn med salt og pepar og lat henne liggja i romtemperatur over natta. Legg henne i langpanna med svoren ned. Lat henne stå i steikjeomnen ved 150° (varmluft) til vatnet har fordampa. Snu ribba og langsteik henne ved 80–100° i 2–3 timar, noko avhengig av kor tjukk ho er.
Så kan du velja om du vil setja omnstemperaturen slik at ho vert brun, eller om du vil lata henne vera lys i leten. Sjølv tykkjer eg det er godt med brunsteikt overflate, helst knasande sprø. På denne måten vert svoren heilt sprø.
Eit slikt ribbestykke kan du servera varmt til middag, men prøv det gjerne kaldt som småmat på ein fin sommarkveld når du skjessar på (har lyst på) noko salt. Med litt flatbrød til, eller koka, kalde poteter i skiver, har du alt du treng.
Ein kan no få tak i økologisk ribbe, og ho er veldig saftig og full av smak. Det vert òg arbeidd med å auka kvaliteten på svinekjøt her i landet.
Tilbehør:
Gulrøtar i appelsinjuse:
1 liter appelsinjuse
50 gr smør
5 gulrøtar
Reduser appelsinjusen til 1/3 del, ha oppi smøret, kok opp kok gulrotstavar i dette til dei er passa møyre!
Raudkål:
1. kok raudkål frå botn
2. bruk ei pakke ferdig raudkål
Snitt raudkålen smått, ha i litt vatn + eddik + karve, salt og pepar, kok til det blir passa møyrt...
Ha i gløgg dei siste ti min..
1 pakke ferdig raudkål kok opp - ha i litt gløgg og kok opp
Saus:
1 - 2 l god kraft
Kok opp og reduser
Gjer ei jamning av mjøl og kraft
Sil jamninga oppi sausen
Kok opp og kok ned
salt
pepar
litt fløyte
jordeple/poteter
Vel jordeple som har eit høgt tørrstoff
Ringerikspoteter og fjøllmandel er godt !
Reins og skrell dei, kok dei varlegt opp!
Nyyyyyyyyt dei