NRK Meny
Normal

Nektar NRK å sjå video av kveling

Tingretten nektar NRK å sjå ein overvåkingsvideo der ein ambulansearbeidar saman med to politi tok kvelaratak på Erik Are Stedt slik at han døde. Domen vil truleg bli anka.

Erik Are Stedt kvalt på Oslo legevakt

KVELT PÅ LEGEVAKT: Erik Are Stedt mista livet etter eit kvelartak som varte i 58 sekund på Oslo legevakt. Oslo tingrett meiner at verken NRK, andre mediehus eller publikum bør få sjå videoen.

Erik Are Stedt døde 29. november 2012 på Oslo legevakt. Spesialenheten for politisaker meiner at det ikkje skjedde noko straffbart då Stedt blei kvelt og drepen, men familien er sterkt ueinige. NRK og reportasjeredaktør Alexandra Beverfjord vil kaste lys over dødsfallet:

– Forklaringane om det som skjedde er sprikande. Me har gått rettens veg for å få ut overvåkingsvideoen for å finne ut kva som eigentleg skjedde. Når eit samfunnsmedlem dør i samband med ein arrestasjon, så er det definitivt ei sak av allmenn interesse.

Blei lagt på magen og kvelt

Ifølge etterforskingsrapporten så fekk Stedt diagnosen paranoid schizofreni som femtenåring og var alvorleg psykisk sjuk. Politiet kom til legevakta etter meldingar om at han var ustabil. Ein lege meinte han skulle leggast inn og politiet skulle hjelpe til med transport til sjukehus.

Det blei basketak mellom Stedt og to politikvinner. Ein ambulansearbeidar kom til for å hjelpe politiet. Han tok kvelartak på Stedt.

Stedt blei lagt på golvet i mageleie medan ambulansearbeidaren hadde kvelartak på han. Dei to politibetjentane jobba med å få på handjarn. Kvelartaket blei heldt i 58 sekund.

Obduksjonsrapporten slår fast at Stedt døde av kveling og at det må ha blitt brukt relativt stor kraft i kvelartaket. Stedt blei 35 år gamal. Spesialenheten la vekk saka og meinte at det ikkje hadde skjedd noko straffbart, og at det blei handla i nødverje. Fire uavhengige vitne på staden har forklart at Stedt ikkje gjekk til angrep, men prøvde å kome seg vekk.

(Sjå intervju med foreldra her, saka fortset under videoen)

Høsten 2012 ble Erik kvalt og drept på legevakten etter basketak med to politibetjenter og en ambulansesjåfør. Politiet hevder de ble angrepet, vitner skal ifølge en rapport ha fortalt en annen versjon. Saken ble henlagt.

MISTET SØNNEN: Erik og Vivi Stedt synes det er ubegripelig at deres sønn, Erik Are Stedt (innfelt) døde i et basketak med to politibetjenter og en ambulansearbeider på Oslo legevakt høsten 2012. Se Dagsrevyens innslag fra 13. februar 2014.

Presseforbundet kritisk

Både Spesialenheten og seinare Riksadvokaten la vekk saka etter at foreldra til Stedt klaga. NRK har gått til sak mot myndigheitene og brukar argument om ytringsfridom og sivile og politiske rettar. Norsk Presseforbund er kritiske til domen frå Oslo tingrett. Juridisk rådgjevar Kristine Foss meiner pressa må få sjå videoen:

–– Offeret kan ikkje sjølv forklare kva som har skjedd. I slike situasjonar så har media eit særleg ansvar for å utøve si rolle som vaktbikkje. Overvåkingsvideoen er nødvendig så media kan ettergå situasjonen og politiet si maktutøving i denne saka, seier Foss.