Rekordsal for norskeigd kunstverk: Bacon-verk seld for 818 millionar kroner

Eit av dei viktigaste verka Astrup Fearnley Museet eigde vart natt til tysdag seld for 84,6 millionar dollar under ein auksjon i London. – Dette er ein sørgjeleg dag for norsk kunstliv.

Måleriet «Triptych Inspired by the Oresteia of Aeschylus», laga av Francis Bacon

REKORDSAL: Dette tidlegare norskeigde kunstverket som Francis Bacon har laga «Triptyk inspirert av Orestien av Aiskhylos» vart seld på auksjon for 818 millionar kroner.

Foto: Thomas Widerberg/Astrup Fearnley

– Vi mistar eit av den moderne kunstens viktigaste verk.

Nemleg «Triptyk inspirert av Orestien av Aiskhylos» laga av Francis Bacon i 1981.

Mangeårige kunstkritikar i Dagsavisen og kunstavisen.no, Lars Elton, er opprørt over salet av «Triptyk inspirert av Orestien av Aiskhylos». Han meiner det er eit fantastisk verk laga av ein av dei viktigaste kunstnarane frå etterkrigstida.

– Dette verket er kanskje av dei 4–5 viktigaste verka i historia hans. I tillegg er det eit av dei viktigaste verka i britisk kunsthistorie og den vestlege kunsthistoria totalt sett.

Norsk prisrekord

Etter ei ti minutt lang bodrunde over internett gjekk oljemåleriet for 84,6 millionar dollar, eller 818 millionar norske kroner etter dagens dollarkurs. Dette er ny norsk prisrekord for sal av eit måleri.

Verket som haldt den førre rekorden var «Skrik», som under ein auksjon i 2012 vart seld for 615 millionar kroner.

Då var prisen 107 millionar dollar, men den norske krona var også langt sterkare. DN var fyrst til å omtale saka i Noreg.

– Vi søkte ikkje etter å skape ein ny norsk rekord. Det er prisutvikling og dollarkurs som har tilsagt at det skulle verte slik, fortel Bjørn Rønneberg som er styreleiar i Astrup Fearnley Museet.

Portrett av Lars Elton, kunstkritikar

TRIST: – Det er heilt klart eit stort tap for norsk kunstliv at dette verket forsvinn ut av Noreg, Lars Elton.

Foto: Trond Solberg / VG

Markerte eit vegskilje

Inntil nyleg pryda «Triptyk inspirert av Orestien av Aiskhylos» veggen i andre etasje av Astrup Fearnley Museet.

Namnet på kunstverket er henta frå eit gresk segn og er eit av dei mest kjende verka han laga mot slutten av karrieren si. Det har vorte utstilt på alle store Francis Bacon utstillingar dei seinaste 20–30 åra.

– Kva er det som gjer han, ikkje berre til ein av dei største kunstnarane, men også ein av dei som er mest ettertrakta for samlarar?

– Han var med å forma og utvikla det moderne måleriet. Grepa han tek i dette triptykket har vorte ståande som eit vendepunkt, der ein mest kan snakke før og etter. Så dette er eit sentralt verk, fortel Elton.

– Kan drifte i lang tid framover

– Vi bestemte oss for å selje dette triptykket for å forsterke økonomien rundt museet og samlinga. I samarbeid med auksjonshuset Sotheby’s fann vi ut at dette var det riktige tidspunktet, seier Bjørn Rønneberg, styreleiar i Astrup Fearnley Museet.

Bjørn Rønneberg og Eva Halland Botnen på Fossøy i Vrådal

STYRELEIAR: – Årleg kostar det oss 25 millionar kroner å drifte Astrup Fearnley Museet, det vert mykje pengar over tid, seier Bjørn Rønneberg.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Astrup Fearnley Museet gjekk i mars ut og fortalde om planane dei hadde for å selje Bacon-verket. Salet skal sikre drifta av museet i lang tid framover og gjere det mogeleg å fornye samlinga.

– Det var anten å selje dette eine verket, eller å selje ti, femten, tjue andre bilete for å få den same summen. Då falt valet på å ta dette verket ut i staden.

Rønneberg følgde med på auksjonen som var ferdig kring 4-tida natt til tysdag. Noko han syntest var svært spanande.

– Til ein slik pris er det ikkje mange potensielle kjøparar. Her var det to som stakk seg ut. Det var ein kjøpar som auka prisen med ein million dollar av gongen. Den andre auka med 100 000 dollar av gongen.

– Kven er kjøparen?

– Vi veit ikkje kven kjøparen er, men vi veit at det vart gjort over telefon frå New York. Men eg har vorte fortald at det er ein europeisk kjøpar.

Kulturstrøm

  • Skal studere verdien av kultur

    Forskere ved Karolinska Institutet i Sverige skal finne ut av hvor viktig kultur er ved å studere effekten av bortfallet av kultur under koronapandemien. Studien av koronaeffektene startet allerede i mai. Resultatet vil være klart over sommeren (NTB).

  • Rockefeller gjenåpner

    Rockefeller scene i Oslo vil starte en gradvis gjenåpning av virksomheten fra august. Roar Gulbrandsen, daglig leder hos Rockefeller, John Dee og Sentrum Scene, sier de i første omgang åpner opp for en kapasitet på 200 publikummere (NTB).

  • Skodespelar får rekorderstatning

    Den australske Hollywood-stjerna Geoffrey Rush har fått tilkjent tilsvarande 19 millionar kroner i erstatning av den australske avisa the Daily Telegraph for ærekrenking. Avisa trykte i 2017 ein artikkel som skulda Rush for seksuell trakassering.

    Geoffrey Rush på filmfestivalen i Berlin
    Foto: Michael Sohn / AP