Hopp til innhold

Kulturstrøm

  • Styrkar skulebiblioteka i 26 kommunar

    Regjeringa gir til saman 17 million kroner i tilskot for å styrke skulebiblioteka i 26 kommunar.

    I ei pressemelding skriv dei at målet med tilskotet er at skulebiblioteket skal vere ein arena for leseglede for alle elevgrupper og i alle fag.

    – Å kunne lese godt er avgjerande for å kunne delta i samfunnet. Difor er det viktig at vi styrkar skulebiblioteka, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) i meldinga.