Hopp til innhold

Rekordmange såg Hushovd bli «Mesternes mester»

Finalen av «Mesternes mester» blei sett av nesten 1,4 millionar sjåarar laurdag kveld. Det er ny rekord for serien.

Hushovd i Mesternes mester.

Rekordmange såg Thor Hushovd bli 'Mesternes mester' laurdag kveld.

I «Mesternes mester» møtest ti tidlegare idrettsstjerner kvarandre i solfylte omgjevnader for å konkurrere, mimre tilbake på idrettskarrierar og utveksle erfaringar. Programserien blei umiddelbart ein populær serie då første sesong gjekk i 2009.

Men denne sjuande sesongen har vore den mest populære sidan starten. I år gjekk stod kampen i finalen mellom Thor Hushovd og Andreas Håtveit, der syklisten gjekk sigrande ut av duellen.

– Sosialt

Hushovd sa etter sigeren at det sosiale rundt tv-innspelinga er noko av det som han kjem til å hugse lengst:

– Det hyggelegaste var då vi sat rundt middagsbordet, då kamera var skrudd av og crewet hadde gått heim. Då sat vi og prata, lo og tulla, og hadde fornuftige samtalar med mange flotte folk.

Mesternes mester (2:10)

Hushovd trekk fram det sosiale som noko av det han hugsar best frå innspelinga.

Med nesten 1,4 millionar sjåarar blei programmet det mest sette laurdag kveld. Nesten 70 prosent av dei som såg på tv i dette tidsrommet, valde NRK1. I tillegg er det altså også den mest sette episoden i serien nokon gong.

NRK hadde elles ei bra tv-helg med program som finalen i realityserien «Anno», «Nytt på nytt» og skiskytar-VM som alle hadde rundt ein million sjåarar kvar.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober