Hopp til innhold

Reiste frå Aleppo – starta arabisk elektronika-bølge

– Aleppo er berre kaos, seier artisten Hello Psychaleppo. No reiser han verda rundt, med tung elektromusikk inspirert av krigen i heimlandet.

Hello Psychaleppo

ELEKTRO-TARAB: Samer Saem Eldahr kallar seg Hello Psychaleppo og speler Electro-Tarab. Her frå då han spelte på festivalen Beirut and Beyond International Music Festival i 2014.

Foto: Sawrini / Beirut and Beyond International Music Festival 2014

Samer Saem Eldahr aka Hello Psychaleppo

I OSLO: Hello Psychaleppo er i Oslo for å halde konsert på Oslo World Music Festival. Han er ein av pionerane når det gjeld det å lage musikk under sjangeren Electro-Tarab.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Det er eit indirekte band mellom musikken og det som skjer i Syria, men eg har aldri meint å lage den politisk, seier Samer Saem Eldahr.

Han er 26 år gamal og kjem frå Aleppo i Syria. Han er i Noreg for å spele på Oslo World Music Festival, og under artistnamnet Hello Psychaleppo lagar han det han kallar Electro-Tarab. Prosjektet under artistnamnet har han drive på med sidan 2011.

– Det er ein ny og moderne «sound» for den Arabiske musikken. Den er ein kombinasjon av elektronisk musikk og den arabiske tradisjonelle musikken kalla Tarab, seier Samer.

– Då eg gav ut den første plata mi, så var eg åleine om det, men no spreier sjangeren seg. Fleire brukar musikkarven til å lage noko nytt, seier han.

Reiste frå alt

Samer Saem Eldahr har dei siste seks månadane budd i Minnesota i USA. Før han flytta dit studerte han kunst i Syria, og i 2012 reiste han til Beirut i Libanon for å sjå om han kunne få stille ut bileta sine.

Samer Saem Eldahr aka Hello Psychaleppo

REISTE FRÅ ALT: Samer Saem Eldahr reiste frå alt han eigde då han forlét Aleppo, Syria. Når han speler musikken som er basert på arabisk folkemusikk, så brukar han keyboard, datamaskin, og miksarar. Her frå framføringa han gjorde på Nobels Fredssenter under Oslo World Music Festival 2015.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Det var mogeleg å leve i Syria på den tida, men det var i den perioden ting blei skikkeleg ille, det var den månaden alt «krasja», seier Samer.

I Libanon fekk han si første utstilling, og etter ein månad kunne han reise heim igjen, viss han ville. Familien hans ville noko anna, og råda Samer til å ikkje komme attende. Det har han heller ikkje gjort.

– Planen var å bli der ein månad, så eg tok berre med meg klede. Du forventar ikkje at det skal bli verre, så eg forlét alt frå materiale, musikkinstrumenta, musikkarkivet mitt, og bileta mine, seier han.

– Søskena har sendt meg noko i ettertid, men det er berre rundt ein prosent av det eg skulle ynskje eg hadde, legg han til.

– Aleppo er berre kaos

Med prosjektet Hello Psychaleppo reiser Samer verda rundt og speler for publikum som fortel han at dei likar det dei høyrer, og det gjer han medan familie og vener endå er i Syria.

Samer Saem Eldahr aka Hello Psychaleppo opptrer på Nobels Fredsenter

PROSJEKT: Under artistnamnet Hello Psychaleppo lagar Samer både musikken og det visuelle medan han opptrer. Han prosjekterer mellom anna videoar han har samla inn frå heimlandet, og brukar også animasjon. Her frå då han opptredde på Nobels Fredssenter under Oslo World Music Festival.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Det er det den mest tragiske delen med det å leve akkurat no. Du får ikkje sjelefred. Det er noko du kjem til leve med, og du veit ikkje kor lenge, seier Samer.

– Heldigvis lever familien framleis, dei overlever. Ein del av familien er utanfor Syria også. Alle har det OK, men Aleppo er berre kaos. Berre det å skaffe mat er ein kamp, seier han.

Korleis påverkar den situasjonen musikken din?

– Kunst er ein måte å uttrykke seg på, til å føle seg fri og gjere det du vil. Så det speglar heilt klart det som skjer i Syria på ein måte, men ikkje direkte. Det handlar om kjensler, om korleis du forstår identiteten din, om korleis du forstår kulturen din, seier Samer.

  • SJÅ VIDEO:

    Til musikkvideoen til låten Shahba ville Hello Psychaleppo få med seg andre på prosjektet. Han posta på Facebook at han ville ha materiale frå Aleppo, og miksa det han fekk inn med animasjon som han lagar sjølv. Han kallar videoen ein komposisjon av deira kollektive minne.

– Har noko spesielt

Festivalen Beirut and Beyond International Music Festival har halde på sidan 2013. Den varer i tre dagar og opp til 14 konsertar blir arrangert. Hello Psychaleppo spelte der i fjor, og er ein av tre artistar som difor speler på årets utgåve av Oslo World Music Festival.

Amani Semaan

KREATIV: Amani Semaan er leiar av Beirut and Beyond International Music Festival, og ho ser på Hello Psychaleppo som ein talentfull og kreativ musikar.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Leiaren av festivalen i Beirut, Amani Semaan, ser på Hello Psychaleppo som ein talentfull og kreativ musikar.

– Han var pioneren i den arabiske verda med å lage den type musikk som han lagar. Måten han miksar den tradisjonelle musikken og den nye elektroniske musikken blir meir og meir vanleg, men han har noko spesielt, seier Semaan.

– Det at han er syrisk og at han måtte forlate landet sitt gir også ekstra innhald til musikken hans, legg ho til.

Elektronika-bølge siste fem åra

Amani Semaan seier ho kan sjå at det er ei slags elektronika-bølge som går føre seg i den arabiske verda, der artistane også brukar den tradisjonelle musikken.

Ho nemner blant andre Maurice Louca som lagar egyptisk samtidsmusikk, og var ein av dei som opptredde på den første utgåva av festivalen i Beirut. Ein annan ho nemner er egyptiske Islam Chipsy, som brukar perkusjon som ein stor del av framføringa.

Amani Semaan seier likevel at det ikkje er alle som brukar Tarab-musikken på ein god måte, men legg vekt på at Hello Psychaleppo klarer å ta vare på det tradisjonelle.

– Han kan hjelpe publikum til å ha kjennskap til den tradisjonelle musikken på ein god måte, han konserverer identiteten deira på ein måte, seier Semaan.

Kjem til å sjå meir til liknande musikk i framtida?

– Eg er ikkje sikker på om det kjem til å vekse på same måte som det har gjort. Det er mange meiningar om det, om det kjem til å bli spreidd, eller om det berre er ei bølge. Eg håpar det blir meir av det, seier Semaan.

– Ideen er å eksperimentere

Sarah El Miniawy er PR- og kommunikasjonsarbeidar for festivalen i Beirut, og ho ser tydeleg at trenden med å bruke arabisk musikk i elektronika har blomstra, og kanskje aller mest dei siste fem åra.

Sarah El Miniawy

LETTARE: Sarah El Miniawy trur elektronika gjer det lettare å eksperimentere for artistar i den arabiske verda.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Ideen bak det er nok berre å eksperimentere. Som verdsborgarar, som me alle er no, så er det naturleg at ein eksperimenterer med musikk. Med elektronisk musikk er det lettare å få alt til å skje, seier Miniawy.

– Musikarane gjer det nok også ubevisst, for du veks opp med å høyre på dei lokale musikarane, og så blir du også eksponert for den vestlege måten å lage lyd på, så difor blir det ein miks, seier ho.

  • SJÅ VIDEO:

    Til musikkvideoen til Badawiya Lovin' ville Samer fokusere på den arabiske tradisjonelle sverddansen og han hyrte difor inn ei dansegruppe for å vise fram dansen.

Kan binde saman folket

Hello Psychaleppo meiner han kan sjå ei slags atterføding og gjenbruk av den arabiske musikken på heile den arabiske musikkscenen. Han nemner artistar som Khan El Rouh, 47Soul, og Al Rajul Al Hadidi.

Trenden meiner han er positiv.

– Ungdommen kjem meir i kontakt med arven deira, med kven dei er. Spesielt med det som skjer i Midtausten, ikkje berre i Syria, men også i Egypt, i Irak, så er det er supert å få denne linken, seier Samer.

– Mange nyfødde og unge i dag kjenner ikkje ein gong heimbyen sin, og då er det stort å kunne kommunisere med musikken på eit slikt nivå, seier han.

Er musikken noko du ynskjer å bli hugsa for?

– Det er ein god måte å hugse meg på. Musikken er det som driv meg, og eg det er det eg vil drive med. Eg ynskjer å påverke positivt, både når det gjeld folket mitt og resten av verda, seier han.

Hello Psychaleppo speler på Oslo World Music Festival fredag 30. oktober.

  • SJÅ OGSÅ:


    Hello Psychaleppo live frå Shubbak Festival i London.

  • HØYR SAKA FRÅ SPILLEROM:

    (Trykk på høgtalarikonet for å høyre saka)

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober