I dag er det brorsonen til Tarjei - Olav som driv denne garden saman med kona Eli.
Skattane i buret

Kjel og Stine i ulveskinnspels. Foto: NRK
Det er eit av stabbura som skal gjennomsøkjast på jakt etter vekkstua og gløymte "skattar". Stabbur blir lokalt i Telemark kalla bur og dette er interessante bygningar som regel i to etasjar. Første etasje blei brukt til mat og 2. etasjen som blei kalla loft blei brukt til oppbevaring av klede, kister og andre ting som skulle lagrast.
Rosemålaren på Vesaas
Det var eit velfyllt stabbur vi fann, med alt frå gamle ulveskinnspelsar og kister til moderne slalomsko og alpinhjelmar. Mellom anna fann vi mange gamle ølbollar og liknande med grunnmåling på, klare til å rosemålast. Tinga har sikkert tilhøyrt rosemålaren Øystein Vesaas som var bror til bestefar til Olav. Gamle ski var det fleire av på stabburet, ikkje minst eit par barneski som Olav hadde brukt då han var liten.
Innebygd himmelseng
Det var nokså interessant å finna ei svær himmelseng i stabburet. Himmelsenga er bygd inn i stabburet og blei brukt som overnatting for folk som hadde sommarjobb på garden.
Ellers blei Stine sett på prøve då Olav kom med eit reiskap som han aldri hadde fått svar på kva kunne vera. Stine verka svært overbevisande då ho påstod at det var ein hovkniv som blei brukt til å skava hestehovane med. Vi torde ikkje protestera verken Olav eller eg, og godt var det for etter opptaket slo Stine triumferande opp i ei gamal bok – ”smeden i eldre tid” – og jammen var ikkje hovkniven omtalt i boka.
Fingergraut med fleskefeitt
Maten då? Jau, det blei gilde greier då Frode fekk hjelp av ein lokal representant – Bodil Norjorde – ei gasta jente og sokalla "tradisjonsmatberar". Ho diska opp med "Fingergraut", ein graut laga av havremjøl og vatn. Grauten skulle etast med fingrane og dyppast i fleskefeittet. Dette var kost spesielt for tømmerhoggarar og det merka vi òg, for vi var mette i eit par dagar etterpå.
NRK1, tirsdag 30. mars 2004 kl. 19:55
Send e-post til Fra loft og kjeller.