Det vil seie kjellar i eigentleg forstand er det ikkje men meir ein underetasje stuande full av alt muleg som har hopa seg opp gjennom åra.
Kari Prestesæter, Kjell Fuglehaug, Stine Woxman og Frode Aga. Foto: NRK
Ein ryddesjau må til
Kari har arva huset med innbu og lausøyre etter foreldra som hadde samla i mange år, og då ho sjølv flytte inn i huset med sitt eige flyttelass vart det mykje som berre måtte stuast bort.
Her er store mengder glass, steintøy, koparting, sølv og plett, kister, fine treting, rammer og mykkje, mykkje meir – ikkje minst ein fin Totenstol som Stine verdsette til minst 10.000 kroner.
Sjølv om kjellaren er temmeleg full har Kari likevel sett seg som mål å få rydda og innreia kjellaren på ein slik måte at mesteparten av tinga kan koma fram i lyset att.
Vil du ha eit spiserisett?
Under "ryddesjauen" då vi var på besøk fann ho i ei øskje eit sokalla "spiserisett", som mora truleg har kjøpt på ein eller annan auksjon. Dette spiserisettet hadde ikkje Kari noko forhold til så det har ho lagt ut på auksjon her på sidene våre. Stine har sett utropsprisen til 700 kroner, men vi reknar vel med at Kari bør få i alle fall det dobbelte for desse tinga.
"Telepoteter" ála Frode
Når det gjeld Frode går han som vanleg sine eigne vegar. På Lena ville han absolutt ut å grava poteter sjølv om den sesongen for lengst var over. Under 10 cm tele fann han likevel poteter og resultatet – altså maten han laga – vart over all forventning. Når sant skal seiast er guten ikke berre ein glimrande kokk, men og ein stor humorist.
NRK1, tirsdag 27. april 2004 kl. 19:55
Send e-post til Fra loft og kjeller.