Ut frå det Turid hadde fortalt hadde vi store forventingar då vi trødde inn i loftet, og forventningane blei innfridd.
Med ein dæsj Trøndelag
Her
Kveldsmat. Foto: NRK
fann vi massevis av
antikviteter og rariteter som tidlegare eigarar og Turid sine svigerforeldre hadde stua vekk gjennom mange år. Det skulle og visa seg at loftet inneheldt mange interessante arveting som Turid hadde hatt med seg frå sine heimlege trakter i Trøndelag.
Drikkebeger til 4000.-
Ein del av dei tinga vi fann visste Turid alt om, men ho fekk seg og ein del overraskingar i løpet av besøket både når det gjaldt kva ting blei brukt til og ikkje minst verdien av enkelte ting, mellom anna ein liten tomling (eit lite drikkebeger i sølv) som Stine verdsette til rundt 4000 kroner.
Ellers inneheldt dette loftet alt frå gammalt ullundertøy, rosemalte ting, skuvseng, gamle krykker – med andre ord alt eit gammalt loft skal innehalda.
Kjøp deg ein vaskekommode
Turid er veldig opptatt av å ta vare på tinga slik at komande generasjonar og kan læra litt om fortida. Utpå dagen fann ho likevel ut - i samråd med barnebarnet Vilde – at dei hadde mange ting av samme slaget, mellom anna vaskekommodar og vaskevannsfat. Difor auksjonerer dei bort ein av vaskekommodane og eit flott Egersund vaskevannsfat m/såpekopp. Utropsprisen sette Stine til 700 kroner, men personleg meiner eg desse tre tinga samla bør ha ein høgare verdi (mugge og potte med sprekk i, kan kjøper og få med på kjøpet).
Kan Frode fiske?
Ellers viste Selje seg – værmessig – frå si aller beste side då vi var på besøk, og det resulterte sjølvsagt i at Frode ville ut på havet å fiska for å laga fiskesuppe til oss. Fiskesuppa blei av ypparste klasse, men om det var Frode som fiska ingrediensane stiller eg meg tvilande til.
NRK1, tirsdag 16. mars 2004 kl. 19:55
Send e-post til Fra loft og kjeller.