Ekeberg: Bilder av antikviteter
Kjellaren tilhøyrer ei elskeleg ung dame på 78 år, Karen Marie Strøm.
Klarer ikkje å kaste ting
Fra loft og kjeller besøker Karen Marie Strøm. Foto: NRK
Opprinneleg er ho dansk, men ho har budd her i landet sidan 1951 og sjølv om ho aldri har vore samlar så har ho alltid hatt store problem med å kasta ting. Difor var det ein velfyllt kjellar vi fann, full av alt muleg som har hopa seg opp gjennom mange år.
Her var gamle husgeråd og møblar som er blitt overflødige, haugevis av leiker og gamle tegneseriehefter, gamle klær, gamle ski, ein gammal sveivegrammofon, ein gammal bandopptakar, gamle beslag og mykkje, mykkje meir.
By på wienerstolane
Dei heilt store verdigjenstandane fann vi ikkje i kjellaren, men det gamle sybordet og dei to Wienerstolane som vi legg ut for salg bør nok samla oppnå ein pris på minst 3.500 kroner (2.500 kroner for sybordet og 1.000 kroner for stolane).
Frode tabbar seg ut
Frode - reisekokken vår - skulle liksom gjera det heilt store i dette programmet. I og med at eigaren av kjellaren opprinneleg er dansk ville Frode overraska ho med ekte god heimelaga leverpostei. Han var innom ein del innvandrarbutikkar og plukka det ypperste av råvarer, og leverposteinen blei skikkeleg god den, men vertinna ville ikkje smaka – ho var vegetarianar!
NRK1, tirsdag 23. mars 2004 kl. 19:55
Send e-post til Fra loft og kjeller.