Andebu: Bilder av antikviteter
Her er det det gamle våningshuset på slektsgarden til Bjørn Otmar Berg vi skal saumfara saman med Elisabeth, - kona til Bjørn.
Huset stod tomt
Frode, Stine, Kjell, Elisabeth Berg (eier) foran bussen hvor Frode laget maten. Foto: NRK.
Våningshuset er frå 1657 (ifylgje bygdeboka), og det har ikkje budd folk der dei siste 20 åra. Difor var det eit mylder av ting som møtte oss innanfor dørene. Her var deler av det gamle inventaret stua vekk, hulter til bulter, saman med likt og ulikt som var kassert opp gjennom åra.
Veldig mykkje kunne berre kastast, men vi fann og store mengder med meir eller mindre verdifulle ting. Skåp, stolar diverse pressglass, sterintøy og porselen, koparkjelar, gammal juletrepynt og mykkje, mykkje meir - ikkje minst ein del av dørene i det gamle huset.
Ein ting inn - to ting ut
Elisabeth som var med oss under "ryddesjauen" fekk seg mang ein "aha"-opplevelse etterkvart som Stine sette verdi på ein del av tinga. Største problemet blir nok likevel kva dei skal gjera med alt som ikkje bør kastast. Dette er eit problem mange slit med, og det spørs vel om ein del kanskje må ta inn over seg leveregelen om at ein ting inn i huset så lyt to ting ut!
Det var mange stolar i huset og spesiellt var det mange like sokalla bondestolar. Difor legg Elisabeth og Bjørn ut fire slike stolar for salg. Utropsprisen sette Stine til 5000 kroner, men det spørs om ikkje stolar i denne kvaliteten bør kosta meir.
And frå Andebu
Frode då? Jau, sidan vi var i Andebu så ville han sjølvsagt laga ein meny med And! Han er eit kapittel for seg sjølv – men godt blei det!
NRK1, tirsdag 13. april 2004 kl. 19:55
Send e-post til Fra loft og kjeller.