Hopp til innhold

Barn over heile verda teiknar regnbogar for å spreie håp

Midt oppi dei dystre koronanyheitene veks det også fram eit behov for å gi optimisme. Barn teiknar regnbogar og plasserer dei i vindauga for å spreie eit positivt bodskap.

Marius har laget regnbue.

REGNBOGE: 9 år gamle Marius Mide Engelstad på Skøyen skole er ein av dei mange som har lage regnboge. Over heile verda gjer barn det same, for å spreie håp og optimisme.

Foto: Privat

– Eg ville vere med for å gi håp til alle barna om at det blir bra når vi står saman, seier Sienna Kongsvik Bruland.

Ho er eit av tusenvis av barn som no deler bilete av regnbogen.

Det heile starta i Italia – landet som til no har vore hardast ramma av koronaviruset.

Midt oppi dei dystre nyhenda om nye smitta, alvorlege sjuke og daude vaks behovet for å oppmuntre kvarandre om at krisa vi står overfor kjem til å gå over.

Barn og vaksne henta fram teiknestiftar og teikna regnbogar som eit symbol på håp.

Desse vart hengt opp i vindauge, på husveggar eller fargelagt på svart asfalt og vidare delt i sosiale medium med teksten «Andrà tutto bene» – «alt blir bra».

No har bevegelsen spreidd seg til Spania, Frankrike, Tyskland, Danmark, Storbritannia, USA og Canada for å nemne nokre.

I Roma heng folk opp regnbogar, klappar og spel musikk i solidaritet til dei som er råka av korona.
Foto: ANDREAS SOLARO / AFP
No kan ein sjå plakatar, teikningar, og andre kreative illustrasjonar av regnbogar over heile verda. Regnbogane står som eit symbol på at «etter stormen kjem sola» - koronakrisa vil gå over og det vil gå bra til slutt.

Den italienske emneknaggen #Andràtuttobene har blitt delt opp mot 70 000 gongar på Instagram.

I Noreg har emneknaggen #Altblirbra fått over 700 innlegg på Instagram så langt.

For Sienna Kongsvik Bruland betydde bodskapet ekstra mykje.

Ho er sjølv i risikogruppa, og har tolt vanleg influensa veldig dårleg. Alt snakket om sjukdom gjorde ho litt redd. Men då ho såg regnbogane endra det seg.

– Eg vart veldig glad då eg såg regnbogane. Det gav meg håp, og det var grunnen til at eg byrja å teikne. Eg vil gjerne spreie håpet vidare til barn som er i same situasjon som meg, seier ho.

Ho legg til at det er veldig fint å sjå at det finst andre som kjenner på dei same kjenslene som ho, og at ein ikkje er aleine, men saman om dette.

Ho oppfordrar alle til å vere heime, og til å ta vare på kvarandre.

Også fem år gamle Nicholas Joys Spitaleri viser stolt fram regnbogane sine.

Foreldra til Nicholas Joys er italienske og har vore svært bekymra for familiane sine som bur i virusets episenter.

Då kampanjen starta i Italia, spurde dei sonen sin korleis han ønska å teikne verda når koronaviruset er borte.

– Nicholas Joys elskar ljose fargar og ser alltid verda i fargar. Han tenkte umiddelbart på regnbogen. Vi meiner han har rett, regnbogen representerer «sola» etter «stormen», seier Veruska og Marco Spitaleri.

Nicholas Joys har eit godt tips til dei som vil gjere det same.

– Berre tenk på favorittfargane dine, legg dei tett saman og så blir det ein vakker regnboge. Sjå på regnbogen din kvar dag og alt blir bra, tutto àndra bene, seier han.

Hans ønske går til alle.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.