NRK Meny
Normal

SP vil behalde Nasjonalgalleriet

Senterpartiet vil framleis ha kunst i Nasjonalgalleriet, og går imot samlokaliseringa av Nasjonalmuseet på Vestbanen.

Nasjonalgalleriet

Senterpartiet vil late dei historiske samlingane vere i Nasjonalgalleriet.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Dermed går Senterpartiet imot regjeringa sitt eige vedtak om å samle Nasjonalmuseet på Vestbanen, skriv Aftenposten i dag.

Liv Signe Navarsete

Liv Signe Navarsete

Foto: Kyrre Lien / Scanpix

– Vi har hatt ein diskusjon internt i Senterpartiet om ein bør slå saman eller ikkje. Vi har kome fram til at vi vil vidareutvikle musea som allereie eksisterer i Oslo, seier partileiar og kommunalminister og Liv Signe Navarsete til Aftenposten.

Partiet ynskjer å behalde dei historiske samlingane i Nasjonalgalleriet på Tullinløkka. Den moderne kunsten vi dei plassere i eit nytt museum på Vestbanen.

Samlokaliseringa av Nasjonalmuseet på Vestbanen vart vedteke av regjeringa i februar 2009.

– Engasjement for bygningane

Anniken Huitfeldt

Anniken Huitfeldt

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Ifølgje Aftenposten har ikkje Senterpartiet drøfta dette skikkeleg med kulturminister Anniken Huitfeldt.

– Eg har vore i kontakt med Liv Signe Navarsete i dag, og ho har forsikra meg om at ho ikkje har tenkt å ta nokon omkamp på denne saka. Avgjersla til regjeringa om ei samlokalisering av Nasjonalmuseet på Vestbanetomta ligg fast, seier kulturminister Anniken Huitfeldt til Aftenposten.

Kulturministeren tolkar utspelet frå Liv Signe Navarsete som eit engasjement for at bygningane som musea held til i no, skal verte godt tekne vare på.

– Tradisjon for omkampar i Noreg

Lotte Sandberg, kunstkritiker Aftenposten

Lotte Sandberg

Foto: Den norske legeforening

Lotte Sanderg, kunstkritikar i Aftenposten meiner at det er bra at Senterpartiet no tek dette standpunktet.

– Det er bra at Senterpartiet set ned forten i den grad det er mogleg. Ein treng å bruke litt tid i denne saka, det er trass alt snakk om å avvikle Nasjonalgalleriet og Kunstindustrimuseet i si noverande form, seier Lotte Sandberg.

Arkitektkonnkurransen om eit nytt stort Nasjonalmuseum er inne i siste fase, og ein endeleg vinnar av arkitektkonkurransen på Vestbanen skal kårast 15.august.

– Er det ikkje litt for seint å så tvil om dette prosjektet no?

– Det er i siste liten. Men både Oslo SV og Oslo Senterparti har tidlegare gjort vedtak om det same, så eg synest ikkje det er så underleg at dette no også kjem i moderpartiet, seier Sandberg.