23 tiltak skal stoppe hatytringar

I dag presenterte statsminister Erna Solberg og barne- og likestillingsminister Solveig Horne korleis dei skal sette ein stoppar for hatefulle ytringar.

SolveigHorne

HANDLINGSPLAN: Barne- og likestillingsminister, Solveig Horne, la i dag fram ei handlingsplan mot hatefulle ytringar.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix
Helga
Journalist
Mari Sand Malm
Journalist

– Vi ser at hatefulle ytringar er med på å øydelegge den ytringsfridomen vi alle er så glade for at vi har, og som står sterkt og som vi skal verne om. Difor samlar ei norsk regjering nå for fyste gong innsatsen mot hatefulle ytringar, seier barne- og likestillingsminister Solveig Horne.

I løpet av dei siste tiåra har internett endra måten vi kommuniserer på. Terskelen for å ytre seg er senka, og mange opplev både hets, trakassering og sjikane. Slike ytringar kan i verste fall vere ulovlege.

Dømt for hatefulle ytringar

Det finst fleire eksempel på folk som er dømte for hatefulle ytringar.

I 2015 blei ein 58 år gammal mann dømt til 18 dagars vilkårsbunde fengsel og ei bot på 15 000 for fredskrenkelse og for å ha spytta på og kome med hatefulle ytringar retta mot ei muslimsk kvinne.

I mai i år blei ein 25 år gammal mann dømt til 30 dagars vilkårsbunde fengsel for følgande kommentar på Facebook;

«Gratulerer har du klart å ligge deg til permanent opphaldsløyve. Kvifor kan du ikkje ta med deg familien din å flytte tilbake til Afrika. Kvifor kan du ikkje vise såpas respekt, det er ikkje krig der dykk kjem frå. Din frekke motbydelege halvope. Kom deg ut av landet. Jævla nigger.»

– Barn er gode læremeistrar

Barne- og likestillingsdepartementet har leia arbeidet med å lage handlingsplanen som skal bidra til å få stogga netthetsen og hatytringar som nå brer om seg.

– Handlingsplanen handlar mykje om barn og unge, og Horne meiner det er viktig å sette fokus der fordi dei kan bli gode læremeistrar for vaksne, seier Horne og fortset:

– Samstundes som det er mange unge som blir utsett for hatefulle ytringar. Og det er viktig at ungdom er bevisst på at ei hatefull ytring kan vere med på å knebla ein viktig stemme.

Vil ikkje kneble ytringsfridomen

Horne meiner det er viktig å understreke at strategien som i dag leggjast fram, ikkje vil kneble ytringsfridomen.

– Det er nettopp det motsette vi ønsker å oppnå. Man skal tole skarp kritikk og debatt. VI ser at enkelte ytringar er med på å avgrense ytringsfridomen, fordi folk trekker seg tilbake og tør ikkje å vere med å debatten, seier ho.

23 tiltak er lagt fram, og et av dei er at barne- og likestillingsdepartementet
skal arrangere ei internasjonal konferanse om hatefulle ytringar i juni neste år. I tillegg skal regjeringa etablere ei nettside med relevant informasjon om arbeidet med hatfulle ytringar.