NRK Meny

Kulturstrøm

  • Slår tilbake etter slakt

    John Travoltas nye film «Gotti» vart totalslakta då den kom ut i USA 15. juni, og har framleis 0 % score på Rotten Tomatoes. Det vil seie at ingen av kritikarane til nettstaden har gitt filmen ei positiv vurdering. I går slo teamet bak filmen tilbake på Twitter: «Sjåarane elska Gotti, men kritikarane vil ikkje at du skal sjå han... Spørsmålet er kvifor??? Stol på folket og sjå han sjølv!»

    Laster Twitter-innhold
  • Gir ut ny musikk

    Paul McCartney gir ut to nye songar i dag 20. juni. Songane har fått namna «I Don't Know» og «Come On To Me». Dette er første gong artisten gir ut ny musikk sidan samarbeidet med Kanye West og Rihanna i 2015, melder The Guardian.

    Laster Instagram-innhold
  • Gir fem millionar til Astrup-film

    Sparebankstiftinga DNB løyver fem millionar kroner til TV-serien om kunstnaren Nikolai Astrup (1880–1928) frå Jølster. Tidlegare er det henta inn seks millionar til filmen. I utgangspunktet er det ein spelefilm som skal brukast utanfor landets grenser, men det blir også ein serie på tre episodar som er selde til NRK. Innspelinga av filmen går i desse dagar føre seg i Jølster. Astrup blir rekna som ein av Norges fremste biletkunstnarar.

Flere kulturnyheter