Hopp til innhold

Redsel prega programleiar!

Vi er ikkje skapte for å fyke. Det herskar det ingen tvil om. Men enkelte utfordrar desse naturkreftene og svevar fritt som fuglen fleire tusen fot over bakken. Dei reagerer ikkje på at det er høgt, men nyter augneblinken. Dette var og mi utfordring!

Ballong på Svalbard

Ballong i Adventdalen.

Foto: Birger Meland / NRK

Ville eg klare å vinne over angsten? Stige opp i ballongen og sveve over Adventdalen på Svalbard?

Luftfoto på Svalbard
Foto: Birger meland / NRK

Dette tok eg frå SAS-flyet.

Svalbard i sol

Vi kunne ikkje vore heldigare med veret. Om gradestokken var godt under minus 20 kunne eg kjenne varmen frå sola - ei sol som berre såvidt gjøymde seg bak horisonten ved midnatt første dagen.

Midnattsol i Adventdalen
Foto: Birger Meland / NRK

Ikkje tid til å nyte

For meg var det ikkje tid til å nyte alt det vakre vi såg. Fokus på oppgåva som eg skulle utføre tok alle krefter. Høgdeskrekken var nok ein gong i ferd med å setje meg ut av spel. Ein ting er å prate om det, men å gjere det? Eg følte at frykta for høgda var i ferd med å ta over tankane mine.

Sjekk av ballong
Foto: Birger Meland / NRK

Angsten for den tronge ballongkorga rasar i heile kroppen min.

Litt historikk

Det starta med Norsk Luftsiglasforeining i 1909. Og dermed var og norsk luftfart eit faktum. Den første farkosten var ballongen "NORGE". I 1930 vart foreininga til Norsk Aero Klubb starta, og denne vart knytta til Norges Idrettsforbund i 2007 under namnet Norsk Luftsportforbund. Norsk luftfart har stolte tradisjonar på Svalbard. Då særleg Roald Amundsen sine bragdar. To gongar prøvde han å nå Nordpolen med flybåt, men lukkast først i 1926 med luftskipet "NORGE". Amundsen var og den første styrefomann i Norsk Aero Klubb. Det skjedde i 1928 - same året som han vart borte i eit fly på leit etter Nobile som styrta med luftskipet "ITALIA" på isen utanfor Svalbard. Du kan lese meir her.

Litt av ein logistikk

Å frakte folk og utstyr til 78 grader nord for eit hundre år sidan var ein bragd i seg sjølv. Men det er ikkje lett i våre dagar heller. Især når fjorden frys og den einaste muligheita er fly. Men gjengen i Norsk Luftfartsforbund gav ikkje opp. 30-40 personar har reist til Svalbard og ballongseksjonen i Norges Luftsportforbund klarte det! Gratulerer!

Alt kunne skje

Ein er svært avhengig av véret når eit slikt arrangement skal gjennomførast. Og Longyearbyen viste seg frå si beste side. Dette var med på å skape ei hyggeleg atmosfære for alle. Sjølv ein livredd reportar i Norge Rundt kunne etter kvart glede seg over naturopplevinga, men det var på bakken! Det nærma seg nemleg så alt for fort tidspunktet då eg måtte ta avgjerda.

Avreagerte på Museum

Det er viktig å få tankane inn på noko anna. Det har eg lært. Derfor fekk vi omvisning på Svalbard Museum. I fjor fekk dei bronsestatuetten «La femme aux beaux seins» av Joan Miró, ein vandrepris som museet skal ha i eitt år. Saman med utmerkinga fekk dei og eit diplom og ein sjekk på 5.000 Euro. Det er berre eitt museum i Norge som har fått denne prisen før, og det er Bryggen Museum i Bergen, i 1978. Prisen, som viser at arbeidet dei har gjort og gjer er i toppklassen i museumsverden i Europa. Prisen delast ut av Europarådets komité for kultur, forskning og utdanning på grunnlag av ei anbefaling frå juryen i The European Museum Forum.

Konservator Herdis Lien,Svalbard Museum
Foto: Birger Meland / NRK

Konservator Herdis Lien gav oss ei fin oppleving. Vi fekk lære korleis dei første gruvesluskane hadde det. Og korleis det var å vere fangstmann. Vil du vite meir kan du klikke på denne lenka.

Tilbake til kvardagen

Men hovedgrunnen til at vi reiste til Svalbard var at eg skulle vinne over min fobi - høgdeskrekk. På isen i Adventdalen.

Siste sjekk før oppstart.
Foto: Birger Meland / NRK

var alle opptekne av arbeidet sitt med å reise ballongane. Likevel kom fleire bort til ein litt blåfrossen reportar og gav gode ord. Eg for min del kjempa ein indre kamp som eg godt kunne vore utan. Hjartet banka - eg kjende svetten på kroppen sjølv om det var isande kaldt. Og føtene var følelseslause av kulde og skrekk. For meg var dette angst for det ukjende, for døden! Det er ikkje lett å ha det slik. Du vil kansje trekke på skuldrane, men prøv sjølv å utfordre noko du er levande redd for! Kjenn på angsten og bli venn med han! Eg prøvde i alle fall å halde fokus på nettopp det.

Ja ... eller nei?

Eg måtte ha ei stund for meg sjølv. Kjenne på mitt indre - på følelsane som jaga rundt i kroppen som ein kald hauststorm.

Ballongførar,Knut-Erik Risvik
Foto: Birger Meland / NRK

Hendene skalv som om eg heldt i eit viberasjonsapparat på full speed. Eg nærma meg korga med små steg og tok tak i handa til ballongføraren.

Den ruvar godt
Foto: Birger Meland / NRK

Ballongen over meg virka som eit fælsleg dyr og brennarane spydde eld opp i duken som om dei varsla meg om at vi skal ta deg! Eg tenkte på svenske Andrée som gjorde dette i 1897. For han gjekk det ikkje så godt. Dokumentasjon som film og dagbok vart funnen att på Kvitøya i 1936 slik at historia om han kunne forteljast til oss. Eg tenkte på Amundsen og Nobile. Midt i tankeflaumen kjende eg eit venleg klapp på skuldera.

Ekslusiv ferd mot himmelen

Visepresident i Norsk Luftsport Forbund, Rune Midtgaard,

Visepresident,Rune Midtgaard

står på sida mi med ferdig pakka fallskjerm og smiler. - Du er vel klar over at dersom du vert med opp i lufta vert du medlem av ein ekslusiv klubb, seier han. - Det er ikkje mange som har sveva i ballong på Svalbard, legg han til. Eg veit at han har rett. Det er kun ei handfull personar som har gjort det - etter at forbundet vart grunnlagt i 1909.

Avgjerda vert teken

Så er tida komen. Følelsane slit i kroppen. Heile mitt indre er i opprør. Tankar, angst, redsle og hjerne spelar ikkje på lag lenger. Kroppen skjelv og angsten eg skal verte ven med prøver så godt den kan å råde meg til å stå på bakken. Kvifor skal eg utsetje meg for noko så frykteleg? Eg er trygg her på isen sjølv om kulden slit og føtene lengtar etter varme. Eg startar mi vandring - den lengste i mitt liv - mot korga for andre gong. Men vil eg klare å få kontroll på opprøret i mitt indre? Vil eg vinne over- og verte ven med angsten?

Høgt heng dei
Foto: Birger Meland / NRK

Det er den gule ballongen som eg skal ta opp kampen mot. Eg kjem på eit motto eg har: Den som ikkje torer å ta ei utfordring har heller ikkje tru på framtida. Og brått skjer det noko. Det får du sjå i Norge Rundt i morgon kveld kl 19.30.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.