Hopp til innhold

– Stortingets nye logo liknar ein Disney-animasjon

Den norske løva i Stortingets nye logo har mista stoltheita si, meiner designar Bjørn Rybakken.

Stortingets nye logo / Bjørn Rybakken

STAMPAR AV GARDE: Løva i riksvåpenet har mista sin stoltheit, meiner designar og kreativ leiar Bjørn Rybakken i Cretalux.

Foto: Stortinget / Cretalux

Olemic Thommessen (H)

Stortingspresident Olemic Thommessen lanserte Stortingets nye logo.

Foto: NRK
Norges riksvåpen

ORIGINALEN: Den nåverande offisielle versjonen av Norges riksvåpen.

Stortingets nye logo

NY DESIGN I: Slik blir Stortingets nye logo med våpenskjold.

Foto: Stortinget
Stortingets nye logo

NY DESIGN II: Slik blir Stortingets nye logo uten våpenskjold.

Foto: Stortinget

Torsdag presenterte stortingspresident Olemic Thommessen den nye logoen, som skal fronte Stortinget ut blant folk.

– Det gamle systemet fungerte ikkje så godt. Vi hadde to ulike logoar, som ikkje fungerte så godt saman, seier stortingspresidenten.

Dei to logoane han siktar til er ein moderne logo beståande av ein halv kvadrat som var logoen på nett, medan det tradisjonelle riksvåpenet blei brukt på brevpapir og offisielle dokument.

Riksvåpen i ulike fargar

Den nye logoen er ein redesign av riksvåpenet, og den kjem i to utgåver. På parlamentariske dokument har riksvåpenet skjold og krone. Medan det elles blir brukt ei frittståande løve.

– Stortinget skal stå fram som noko anna enn regjeringa. Mange klarer ikkje å skilje mellom regjering og Stortinget og det er nokre som trur at Erna Solberg har kontor på Stortinget. For oss som jobbar her er det eit poeng å ha ein logo som er spesifikk for det vi driv med, seier Thommessen.

Det er bedrifta Uniform strategisk design som har forma ut den nye logoen. Det har teke i overkant av eit år å utvikle det nye designet, som har kosta 2,5 millionar kroner.

– Løva har mista stoltheita

Designar og kreativ leiar Bjørn Rybakken i Cretalux syns det er fint at det er valt ein logo som trekk linjene bakover, men han meiner løva ikkje har den same stolte haldninga som før.

– Løva i riksvåpenet skal sjå ut som den er klar til kamp. Men her ser det ut som den stampar av garde, den har litt for mykje animasjonsaktig i seg, seier Rybakken.

Tradisjonelt har det vore restriktivt å endre på riksvåpenet. I nokre utgåver av den nye logoen er løva lausriven frå våpenskjoldet bak. Det trur ikkje Rybakken er eit lurt trekk.

– At løva blir brukt som logo utan våpenskjoldet bak gjer at den kan virke framand for folk, meiner Rybakken.

Identiteten blir teken i bruk eksternt frå 1. oktober.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober