Hopp til innhold

Reagerer på Jahn Teigen-turné: – Reint tjuveri

Herodes Falsk meiner produsenten til førestillinga «Gratulerer med Jahn» har stole songane til Jahn Teigen og sett opp showet utan lov. Produsenten meiner å ha sitt på det tørre.

Jahn Teigen

IMOT: Ifølgje Herodes Falsk var Jahn Teigen imot framsyninga «Gratulerer med Jahn».

Foto: Trond Reidar Teigen / NTB

– Dette er rett og slett å stele. Dei berre juksar. Det er så gangster-aktig at det ikkje går an, seier Herodes Falsk.

Han var nær ven og kollega av Jahn Teigen, ein av Noregs mest folkekjære artistar, som gjekk bort for snart eitt år sidan.

No reagerer han, Dag Erik Pedersen og fleire i den nære kretsen til Teigen på framsyninga «Gratulerer med Jahn», som er marknadsført som ein hyllest til Jahn Teigen.

– Jahn Teigen var i mot denne framsyninga heilt frå starten av. Eg synest dette er superfrekt, seier Falsk.

Herodes Falsk og Dag Erik Pedersen saman

UTAN SAMTYKKE: Falsk meiner at framsyninga «Gratulerer med Jahn» vart sett opp mot Jahn Teigen sitt ønske.

Foto: Åserud/Samuelsen / NTB/NRK

Det er Sara Skorgan Teigen som eig rettane. Men verken ho eller Anita Skorgan ønsker å uttale seg no. Dei viser til sin advokat Ketil Sellæg Ramberg som er sett på saka.

Produsenten bak framsyninga, Trond Myhre svarer at det er spesielt å skulle ta stilling til slike utspel gjennom media, frå partar som ikkje har vendt seg direkte til dei.

– Deira påstandar om konsertane og om rettar, stemmer ikkje, seier han.

Han fortel at han har fått løyve frå musikkrettsorganisasjonen TONO til å bruke songane til Jahn Teigen i framsyninga. Myhre meiner at dette er heilt lovleg bruk av musikken til Jahn Teigen.

Men Herodes Falsk er ikkje einig.

Jahn Teigen ville stoppe førestillinga

Herodes Falsk fortel at det heile starta våren 2019 mens Jahn Teigen framleis levde.

Då fekk han og dei som stod han nær høyre at Trond Myhre var i gang med å setje opp ei storslegen førestilling om Jahn Teigen – utan å forhøyre seg med Jahn Teigen fyrst.

Framsyninga brukar fleire av songane hans. I tillegg er det nytta Prima Vera-kostyme, splitthoppet til Jahn Teigen og også namnet hans i tittelen.

Prima Vera anno 2000

PRIMA VERA ANNO 2000: Her er Jahn Teigen, Tom Mathisen og Herodes Falsk som utgjorde Prima Vera frå 1976–1984.

Foto: Terje Bendiksby / SCANPIX

Kjøpte rettane for ein fast sum

Ifølgje Falsk og Pedersen prøvde Jahn Teigen og støttespelarar hans å stoppe framsyninga allereie i 2019.

Herodes Falsk fortel vidare at for å unngå mediebråk valde Jahn Teigen den gongen å inngå eit forlik med Myhre.

Forliket gjekk ut på at Myhre fekk lov til å setje opp framsyninga «Gratulerer med Jahn» sommaren 2019 i Tønsberg, mot at han betalte Jahn Teigen ein fast sum i vederlag for musikkrettane og bruken av merkevara.

Framsyninga, som har med seg fleire av Noregs fremste artistar, vart derfor sett opp i Oseberg Kulturhus sommaren 2019.

Jahn Teigen i 2012

SPLITTHOPP: Her er Jahn Teigen i 2012, framfor ein plakat som viser det berømte splitthoppet hans.

Foto: Ned Alley / Ned Alley

– Reint tjuveri

Men løyvet gjaldt berre sommaren 2019, ifølgje Herodes Falsk, som reagerte då han høyrde at showet no skal ut på ny turné.

– Ved å setje opp framsyninga forsøksvis i 2020, og på nytt i 2021 bryt han avtala som vart inngått, og dermed også lova, seier han.

Falsk legg til at han synest dette er veldig leitt for Sara Skorgan Teigen, dottera til Anita Skorgen og Jahn Teigen, som nå eig rettane.

– Det er reint tjuveri. Vi vil at alle skal betale på lovleg vis, seier han.

Trond Myhre er ueinig i måten Herodes Falsk beskriv avtala på. Han seier det er riktig at dei i forbindelse med konsertserien i 2019 inngjekk ei avtale med Jahn og hans selskap.

Trond Myhre er produsent for framsyninga "Gratulerer med Jahn"

RETTANE I ORDEN: Trond Myhre, produsent for «Gratulerer med Jahn» fortel at han har klarert rettane.

Foto: Oda Elise Svelstad / NRK

– Det var likevel ikkje ei avtale vi inngjekk for å betale for rettar. Det var ei avtale vi inngjekk for å legge død slike diskusjonar, og der Jahn også fekk eit eingongsbeløp som blant anna var vilkårsbunde til at han marknadsførte konsertserien overfor sin fanklubb i sosiale medium.

– Den avtala overheldt begge partar, og vi og Jahn var vel forlikte, legg han til.

Når han i tillegg har fått løyve frå musikkrettsorganisasjonen TONO til å bruke songane til Jahn Teigen i den forma dei brukar dei i framsyninga, meiner han at alt er gjort korrekt.

– Misbruk av kjente namn

NRK har vore i kontakt med musikkrettsorganisasjonen TONO som kan stadfeste at Myhre har fått løyve. «Gratulerer med Jahn» har fått ordinær TONO-tillating då framsyninga er definert som ei konsertrekke.

Dermed kan ein kan nytta musikk frå andre artistar så lenge ein betaler TONO-avgift for det. Hadde TONO definert framsyninga som ei førestilling måtte arrangøren skaffa tillating frå dei som eig rettane.

Og det er her Herodes Falsk meiner at TONO tar feil; dette er ei førestilling og Trond Myhre må ha tillating.

– Dette er misbruk av namn til kjente artistar. Viss nokon utan å spørje hadde sett opp Åge Aleksandersen på hans 70 årsdag, som skulle gå i fleire år, då hadde også mange reagert. Alle skjøner at det er uhøyrd, seier Falsk.

Dag Erik Pedersen med Jahn Teigen

BESTEVENAR: Dag Erik Pedersen og Jahn Teigen hadde eit nært venskap.

Foto: Privat

Også ein annan av Jahn Teigens næraste venar, Dag Erik Pedersen, støttar Herodes Falsk.

– Eg reagerer på at det blir sett opp ei førestilling mot hans vilje. Då er du ikkje ven av Jahn Teigen. Då er du ein som profitterer på varemerket hans, seier han.

NRK har snakka med fleire i den nære kretsen til Jahn Teigen som ikkje har lyst til å uttale seg, men som kan stadfeste at dei reagerer på det same.

Men Trond Myhre understrekar på nytt at alt var i orden når det gjeld forholdet til Jahn, og at dei betalar for all musikkbruken via TONO.

– Om nokon andre skulle meine at dei har andre krav, vil vi behandle det på normalt, profesjonelt vis, dersom vi mottar ein førespurnad om det.

Han meiner at det ikkje tener nokon si sak å ta omsyn til utsegna og karakteristikkane frå Herodes Falsk og Dag Erik Pedersen og kommentera dei i media.

Anita Skorgan og Sara Skorgan Teigen

KOMMENTERER IKKJE: Anita Skorgan og Sara Skorgan Teigen ønsker ikkje å uttale saka, men viser til sin advokat.

Foto: Bratthammer/Stenersen / NRK/Aftenposten

Vil forfølge saka

Verken Anita eller Sara Teigen Skorgan ønsker å uttale seg, men kan informere at dei har sett advokat Ketil Sellæg Ramberg ved advokatfirmaet SANDS på saka.

Han representerer Teigen Total som eig rettane til Jahn Teigen.

Han skriv i ein e-post til NRK:

– Teigen Total AS forvaltar Jahn Teigens opphavsrettar, marknadsrettar og varemerket. Kvar og ein bruk av slike rettar krev avtale med Teigen Total AS, som vil forfølge kvar og ein uautorisert bruk.

– Trond Myhre har ingen slik avtale med Teigen Total AS, og vi vil nå forfølge saka overfor han og hans produksjonsselskap.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.