Det var i tysdag ettermiddag klokka 17.30 norsk tid at amerikansk politi skal ha tatt seg inn i huset til Jackson, utanfor Santa Barbara i California.
I følgje den amerikanske Tv-stasjonen Court TV er Jackson meld til politiet etter at han skal ha misbrukt ein 12 år gammal gut seksuelt. Politi har stadfesta at det er ei etterforsking på gang, men vil ikkje kommentere saka nærmare.
Jackson sjølv skal ikkje ha vore på Neverland då politiet slo til mot heimen. I følgje Stuart Backerman, Jackson sin offisielle talsmann, skal Jackson vere i studio i Las Vegas der ein arbeider med ein ny musikkvideo.
Amerikanske medier frotsar i skandalene kring Jackson. Eit ti tals kamera-team var raskt på plass for å dekkje hendinga. Foto: Ap/Nick Ut.
I søkjelyset før
Michael Jackson har vore meld til politiet før. I 1994 melde ein 13 år gammal gut Jackson til politiet også då for seksuelt misbruk. Jackson gjekk til forlik med guten, og saken kom aldri opp for retten.
Jackson har også i fleire intervju sagt at han fleire gonger har hatt unge gutar heime hjå seg på besøk.
- Ved desse besøka har fleire av gutane sove i same seng som eg, sa Jackson blant anna i eit større tv-intervju tidlegare i år.
Eg er uskuldig
Natt til onsdag sendte Jackson ut ei pressemelding der han hevda å vere uskuldig.
- "Det er mange advokatar som ikkje representerar meg, som snakker for meg. Desse personane dukkar alltid opp i det eg har eit nytt prosjekt på gong. Enten det er snakk om eit album eller ein ny video", seier Jackson i pressemeldinga.
Ingen offisielle talsmenn for verken politi eller statsapparat i Californa har sagt noko om kva som er årsaka til ransakinga i Jackson sin heim.