Hopp til innhold

Rami Malek blir ny Bond-skurk

Dei første opptaka til den 25. filmen om James Bond er ferdige i Noreg. Torsdag heldt produsentane bak filmen pressekonferanse, der avslørte det blant anna kva skodespelarar som skal spele i den nye filmen.

Time celebrates its annual list of the 100 most influential people in the world, in New York

Rami Malek vann Oscar for Bohamian Rapsody tidlegare i år. No vert han Bond-skurk.

Foto: Andrew Kelly / Reuters

Norsk filminstitutt la i januar ein god millionsum på bordet for å få den foreløpig namnlause Bond-filmen til Noreg. I slutten av mars starta innspelinga av dei første scenene til den nye filmen i Nittedal, som har hatt arbeidstittelen «Bond 25».

Torsdag heldt produsentane pressekonferanse. På den var det forventa at det skulle bli presentert ein endeleg tittel på filmen. Sånn blei det ikkje.

Det dei gjekk ut med var kva for skodespelarar som skal vere med i «Bond 25». Blant anna skal Oscar-vinnar Rami Malek spele skurken i filmen.

I tillegg skal mellom andre Dali Benssalah, Billy Magnussen, Lashana Lynch, Jeffrey Wright og David Dencik vere med i filmen.

Filmen skal spelast inn i London og på Jamaica, i tillegg til i Noreg.

Hus brukt i ny James Bond-film

I februar blei det bygd eit hus i Nordmarka på grensa mellom Nittedal og Oslo. Huset blei i slutten av mars brukt til å spele inn dei første scenene til den nye Bond-filmen.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Vanlegvis blir dette presentert på ein pressekonferanse i Pinewood Studios i London. Men i år droppa produsentane denne pressekonferansen til fordel for ein presentasjon frå ein av dei mest ikoniske 007-stadane, nemleg James Bond-forfattar Ian Flemmings villa på Jamaica.

Mange rykte

«Bond 25» er den 25. offisielle Bond-filmen, og skal vere Daniel Craigs siste film som agent 007. Filmserien blei innleia i 1962 med Sean Connery som James Bond i «Dr. No». Filmen blei delvis spelt innpå Jamaica.

Jubileumsfilmen skal etter planen ha verdspremiere i april 2020, skriv BBC.

James Bond Dr. No

«Dr. No» frå 1962 var den første filmen om James Bond, basert på bøkene til Ian Fleming. Filmen blei delvis spelt inn på Jamaica. Presentasjonen av den nye Bond-filmen skal skje på ein ikonisk 007-innspelingsstad. Mange trur det er Jamaica. På biletet ser vi (f.v.) Joseph Wiseman som Dr. No, Sean Connery som James Bond og Ursula Andress som Honey Ryder.

Foto: Afp

Ein ny Bond-film skaper alltid mange spekulasjonar om kven som er med og kva filmen skal heite. Men produsentane held korta tett til brystet.

Men litt veit vi allereie no. For eksempel at Daniel Craig skal spele James Bond for femte gong. Og så blir Cary Joji Fukunaga den første amerikanaren som får regissere ein offisiell Bond-film.

Cary Joji Fukunaga

Cary Joji Fukunaga blir den første amerikanske regissøren som får ansvaret for ein offisiell Bond-film. Bond-filmen «Never Say Never Again» frå 1983 blei regissert av amerikanske Irvin Kershner, men filmen var ikkje ein del av den offisielle filmserien.

Foto: Christian Alminana / AP

Fukunaga har tidlegare regissert blant anna TV-seriane «True Detective» og «Maniac», og fekk oppdraget etter at Danny Boyle trekte seg etter kunstnarisk usemje med produsentane.

Malek blir skurk

I tillegg til Craig skal Ralph Fiennes og Ben Whishaw skal gjenta rollene som M og Q, og Naomie Harris også er tilbake som Moneypenny. Lea Seydoux skal også gjenta rollefiguren ho spelte i «Spectre».

Men ingen Bond-film utan ein Bond-skurk. Enkelte håpa at Christoph Waltz skal vende tilbake som Ernst Stavro Blofeld. Ei rolle han også spelte i den førre Bond-filmen, «Spectre».

Men Rami Malek er på rollelista, og det er han som skal spele skurk. Malek fekk nyleg ein Oscar for si tolking av Freddie Mercury i filmen «Bohemian Rhapsody», og er også kjent frå TV-serien «Mr. Robot».

Malek lova under pressekonferansen å gjere livet til Bond vanskeleg.

Rami Malek

I februar kunne Rami Malek feire Oscar-prisen han fekk for innsatsen i filmen «Bohemian Rhapsody». No skal han vere aktuell som Bond-skurk, ifølgje fleire nettstader.

Foto: KEVORK DJANSEZIAN / AFP

Filmtittelen

Den nye filmen har hittil vore kjent som «Bond 25», men det kjem truleg ikkje til å bli den endelege tittelen. Det gjekk lenge rykte om at filmen skulle heite «Shatterhand», men det avviste produsent Barbara Broccoli overfor ein autografjeger, skriv Bond-nettsida MI6 HQ.

No er det fleire nettstader som meiner tittelen på den nye filmen kan vere «Eclipse». Ein grunn til dette skal vere at ein av filmarbeidarane brukte den tittelen på nett då ho skulle skrive kva ho arbeidde med for tida.

Posten blei seinare fjerna frå nett.

Merknad: I ein tidlegare versjon av saka skreiv vi at ein fekk vite tittel på filmen under pressekonferansen. Det fekk vi ikkje.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)