Hopp til innhold

Set it free

Karen Frivik gir ut det svært etterspurde portrettet av Radka Toneff. Dette er første gong ein radiodokumentar blir tilgjengeleggjort på CD for normalt butikksal.

Radka - set it free
Foto: Arild Haugan

Av Marit Holmquist Fenne
Publisert: 8/12-2008 08:00 - Oppdatert: 8/12-2008 09:54

Toneff-portrettet har vore blant NRKs mest etterspurde dokumentarar. CDen blir lagt ut for sal både i platebutikkar og som lydbok i bokhandlarar.

- Det har vore stor etterspørsel etter den, frå vanlege folk. Eg møter folk som eg kjenner perifert, som seier dei høyrte dokumentaren for 10 år sidan, og at dei framleis tenker på den. Dei spør korleis dei kan få tak i dokumentaren. Dokumentar-redaksjonen har også fått mange spørsmål om den, fortel Frivik.

"Set it free - et portrett av Radka Toneff" blei sendt for første gong på P2 i 1997. Den fekk 2. Plass i Prix Italia i 2000 og ligg øvst på lista over radiodokumentarar som blei sendt i år med lengst lyttetid.

Rører

Radka 9 år
Foto: Toni Toneff

- Dokumentaren rører folk, også dei som ikkje har høyrt om ho frå før. Eldre menneske som ikkje har noko forhold til jazz blir sugd opp i den. Den handlar om tap av dei næraste, og gir kjensler av gjenkjenning, erkjenning og audmjukskap. Den svarer på spørsmål som dukkar opp i slike samanhengar. Det er allmenne, eksistensielle spørsmål, seier Frivik.

Dokumentaren søker å gi ei nærare kjenslemessig og musikalsk forståing av Toneff som tok livet sitt berre 30 år gamal i 1982.

Set it free

I ”Set it Free” får vi høyre historia om Radka Toneff, fortalt av mora, søstera og Toneffs næraste venner. Dokumentaren inneheld unike opptak av Radka som barn, der ho syng, fortel historier og får pianoundervisning av mor si. Her snakkar mora til Toneff offentlrg om dattera for første – og hittil eineste gong etter dattera sin bortgang.

- For meg er det viktig at familien var fornøgd med dokumentaren, seier Frivik. Ho har ingen planer for vidare arbeid med Radka Toneff, men seier ho håper CDen blir kjøpt inn av biblioteka, fordi det finst svært få kjelder om jazzsangerinna.

Omstendeleg veg til CD

- Kvifor kjem utgjevinga no ?

- Eg har jobba i fleire fasar tidlegare med å få dokumentaren ut på CD. Sist gong var i haust, i samarbeid med plateselskapet Curling Legs, som kjem ut med ein CD med konsertopptak. Då skulle dokumentaren bli utgitt samstundes. Men då Curling Legs droppa dokumentaren, fordi det blei for dyrt, spurte eg meg sjølv kor vanskeleg kan det eigentleg vere å få utgitt ein CD? Så då gjorde eg alt sjølv og det har gått på rekordfart, fortel Frivik.

Berre nokre få andre radiodokumentarar finst på CD. Dei har berre vore tilgjengeleg for ei avgrensa kundegruppe, enten gjennom komponistforeninga eller NRKs Aktivum-butikk.

Kulturstrøm

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK