Ein vantru Røynda-ven i New York har sendt oss to lenkjer med såvel innslaget som spelelista og heimesida til stasjonen WFMU. Truleg for å sikre seg mot boomerangar av misstru rundt datoen 1. april.
Redaktør Tokvam sokk saman i audmjuk undring over å ha blitt sendt på radio i USA.
"Radio Rybda"
På websida til WFMU står det "Radio Rybda". Det har Tokvam ei naturleg forklaring på.
- Dei kaller det "Radio Rybda", men det er nok amerikansk sidemål, fortel han.
Feira med bokkøl og bananer
I Røynda-redaksjonen vart meldinga frå skyskrapar-skogen motteke med ei nøktern feiring. Eit kooperativ-nett med bokkøl og ei klase bananer gjekk med før Vetle Ivar tødde opp:
- Får ein det til å smelle i potta her heime, lyt ein venne seg til at det gjev atterljom andre stader i verda! Atlanteren er ikkje det hinderet den ein gong var! Vi må slutte å stirre oss blinde på Titanic, åtvarar Vetle Ivar og let bokkølet bruse.
Redaktør Finn Tokvam sokk saman i audmjuk undring og stotra fram ein ustø takk til «dinna makelause Aasen-guten» som eigenleg strekte kjølen for dette underet.
Klikk deg inn og sjå sjølv; Aasentunet er større enn riksmålsfolk vil ha det til. Lenkene finn du nederst på denne sia.
Her er byen New York (Lågare Manhattan). Foto: AP Photo/Robert F. Bukaty
Her heisen til den nye kongeleiligheita på Slottet. Kanskje også dei spelar musakk. Foto: Cornelius Poppe / SCANPIX
Heismusikk er helsebot
Det er surt og kaldt, bakteriar over alt. Du ni-et på kvitlauk, tyller i deg solhatt og konjakk og prøver alle kjerringråd i boka. Gløym det! Løysinga mot forkjølelse er heismusikk - også kalla musakk.
Da e helsebot i heismusikk, kvar tone er medisin. Vetle-Ivar er i alle høve skeptisk, men medgjer at han likar heismusikk.
To forskarar frå Wilkes universitetet i Seattle har forska og funne ut at når du høyrer heismusikk, så stimulerer det produksjonen av ei stoff som heiter immunoglobulin A.
Lurt å høyre heismusikk
Immunoglobulin A er eit protein som verkar som motstoff mot infeksjonar som for eksempel forkjølelse. Dess meir av dette proteinet du har, dess meir motstandsdyktig er du mot forkjøling. Og for å få mest mulig av dette proteinet er det lurt å høyre mest muleg heismusikk.
Ein liten detalj som gjer at denne forskninga er litt usikker er at den viktigaste sponsoren til dette forskningsarbeidet var James Harrison frå selskapet Muzak, eit selskap som distribuerer bakgrunnsmusikk.
Med sin eminente engelsk, ringer Tokvam til Muzak for å høyra meir om dette stoffet, men dei kan ikkje bekrefta at musakk hjelp mot forkjøling.
Vetle-Ivar syns det heile luktar uglar i mosen, og meiner sjølvsagt at det er betre å høyre på ekte Nynorsk enn såkalla musakk.
- Dette (musakk Red anm.) er det tosknaste eg har høyrd siden Erling Lae sist opna kjeften, seier han i ein kommentar.
Klikk på lenka i medieboksen over for å høyre innslaget om heismusikk.
Til slutt i innslaget presenterer Vetle-Ivar etter utallige oppmodingar reprise på verdas beste historie, fortalt av Øystein Tokvam.
Om WFMU
WFMU er ein uavhengig radiostasjon som sender på FM 91.1 i New York, og live på web. WFMU er ein «friform»-stasjon, der programleiarane sjølv fastlegg innhaldet i programma og kva for musikk som skal spelast.
WFMUs program strekker seg fra ugjenkjennelege fantasifostre via rock and roll til psykedelisk musikk og eksperimentering med radio, t.d. japanske innslag og singelplater på låg fart.
Besøk WFMU
Alt om heismusikk: Heismusikk er helsebot
Alt om Radio Røynda: Radio Røynda Arkiv
Norgesglasset NRK P1 01.04.2004