Finn-Erix er Radio Røynda sitt eige husorkester. F v Halvor Folgerø, Odd-Erik Lothe og Finn Tokvam. (Foto: Geir Bjarte Hjetland)
Populærorkesteret Finn-Erix lukkast ikkje i å få seg platekontrakt, sjølv om dei spelar i Radio Røynda, har hatt veldedigheitskonsert og delteke på musikkfestival i Bergen.
Men draumen om å få gje ut dobbelt-kasetten; Fretex Fantasies lever enno. Og musikkjournalist Bård Ose ser klare likheiter mellom Finn-Erix og eit band frå Liverpool.
Han fortel her historia om då Beatles jakta på platekontrakt....
Populærorkesteret Finn-Erix provar gjerne at dei også kan spela "live". Høyr dei gjerne på den siste øvinga. Her får du råda frå ringreven Jan Eggum og høyrer frå konsert-debuten på "Ride this Train-festivalen" i Bergen i slutten av januar i år.
Finn-Erix har ein stor draum om å bli oppdaga...
Finn-Erix består av Odd-Erik Lothe, stoveorgel, Halvor Folgerø - fagott og Finn Tokvam på song.
Lagt til rette for nett av Jon-Annar Fordal