Ivrig debattant
Det er klart for nynorsk reality-radio. Radio Røynda besøker i dag Hans Bauge, mannen som vart landskjendt då han skreik og herja i debatt-programma til Lønning på TV2 for nokre år sidan. No er Bauge drosjesjåfør og privat-detektiv i Bergen.
Radio Røynda presenterer difor møtet med Bauge innbakt i eit sjølvlaga radio-teater, der det vesle som er av handling dreiar seg om ei natronkake.
Hjelp av proffar
Radio Røynda vert laga av Finn Tokvam, som understrekar at Nils Nordberg ikkje kan lastast for sviktande truverdigheit i høyrespelet. Nils Nordberg prøver seg fyrst på sobert riksmål, men blir korrekt irettesett av Finn Tokvam. Og Nordberg tek regi.