Næringa lova å halvere problemet, - i staden for blir tala berre styggare og styggare.
Sår inn til beinet
Det er på slakteria purker med såkalte bogsår blir registrerte. Nationen skriv at av 65 000 purker som blir slakta årleg, har no 20 prosent, kvar femte purke meir eller mindre alvorlege liggesår.
- Såra er over skuldrebladet, på sida av kroppen, og er alt frå overfladiske til djupe sår der du kan sjå ned på skulderbeinet, fortel Ola Nafstad er veterinær og fagdirektør i Animalia.
Ikkje klart å ta tak i problemet
Dei jobbar med å spre kunnskap og kompetanse om blant anna dyrevelferd og dyrehelse, og ved avdelinga Helsetenesta for svin tykkjer dei tala er nedslåande. I 2005 lova nemleg grisebøndene å ta tak i problemet. Det har dei ikkje klart. Stadig fleire purker får bogsår etter å ha dia store kull med glupske grisungar.
- Såra oppstår frå slitasje, det blir mangel på blodtilførsel, og klemskader mellom bein og underlag. Fettlaget, spekket, blir for tynt til å beskytte grisen mot sår.
Ei forklaring er at grisane er blitt magrare med åra. Me vil ikkje ha feitt svinekjøt på grillen, og ei mager purke har eit tynnare spekklag å kvile på.
Rett avl, betre fòr og rett underlag kan bidra til færre bogsår.
Gjer ikkje grisebøndene ein god nok jobb?
- Mange gjer ein god jobb, men det er ei noskå stor gruppe som ikkje har ofra nok tid på dette.
Nafstad meiner heller ikkje Animalia har gjort ein god nok jobb.
- Vi har informert og hatt haldningskampanjar, men det er tydelegvis ikkje konkret nok til å nå målet.