Om program 7
Då det gjekk opp for Stephen Hansen at han var vinnaren av denne runden av Kjempesjansen var det smil og tårer på ein gong. Hemsing-søstrene sine smil sto og i stil med gleden.
Deltakarane
Sofie Bjerketvedt
Sofie har ein stor kjærleik for musikalmusikk. Hovudinstrumentet til 19 åringen er song, men ho har alltid vore opptatt av dans, noko som er to greie ting å kunne når det gjeld musikalar.
Hemsing-søstrene
Dei to systrene Eldbjørg og Ragnhild går på skule saman, dei er nesten like gamle og dei spelar vakker musikk saman.
Fredrik Strand Halland
Tenk deg å vere 12 år og allereie ha eit talent som gitarist. Det er faktisk mogleg, Fredrik Strand Halland har dette talentet, til tross for sin unge alder.
Stephen Hansen
Endå Stephan Hansen er 34 år er det faktisk ikkje lenge sidan han byrja å synge. For berre sju år sidan tok sin første songtime, men i dag er det vanskeleg å stoppe Osloguten.
Lars og Stian
Lars Røyseng er frå Bærum, medan Stian Aase er frå Sotra. Dei visste berre kven den andre var gjennom trekkspelmiljøet, men då begge kom inn på musikkhøgskulen i Oslo blei dette fort snudd om til eit godt venskap, og god musikk.
Det var Lars og Stian som vant
, dei slo ut og .