Hopp til innhold

Program 5

VW får seg ein tur på Rudskogen, og i touring reiser Jan Erik til Raufoss, der testar han Raufoss-mopeden.

Jan Erik Larsen på Raufossmopeden
Foto: Tor Bergebakken / NRK

Sjå heile sendinga i Nett-TV

Renault - årets bil 2006

Årets bil i Europa 2006 blir presentert, og ikkje minst testa. Jan Erik har fått låne sportsmodellen, med 2 l turbo på 200 hk. Denne bilen går fort, faktisk går den frå 0 til 100 på 6,9 sekunder.

Det er nok ikkje interiøret som får deg til å velje denne bilen. Men setene er gode, den har velgjort ratt og den har sikkerheitsbelte i sølv, noko som kan falle i smak.

I Norge har du fire motorval på denne bilen.

Sjå innslaget i Nett-TV

Vw Polo GTI på Rudskogen

VW Polo GTI
Foto: Volkswagen.no

Denne bilen tok Jan Erik og Tommy med seg på Rudskogen, for her skulle det kjørast.

Volkswagen GTI kan beskrivast med fire ord, den er liten, lett, tøff og morosam.

Sjå innslaget i Nett-TV

AMT -Perfekt daycruiser

I AMT er designet og fargevalet perfekt tilpassa motoren. Om sommaren er dette ein perfekt daycruiser for inntil fire personar.

Du kan gå fort gjennom uroleg sjø og framleis kan du føle deg heilt trygg i denne båten. Du sit godt, noko som gjer til at du har ein god kjørestilling.

Det er ikkje berre tempoet på denne båten som er bra, med denne båten kan du for eksempel fiske i 2 knop, og det er nesten heilt stille frå motoren.

Sjå innslaget i Nett-TV

Touring- Raufossmopeden

Raufossmopeden
Foto: Tor Bergebakken / NRK

Jan Erik reiser på besøk til Erik Olsen, ein mann som elskar Raufossmopeden. Ein moped som er eit godt stykke historie i seg sjølv. 

På desse gamle mopedane sit ein godt, dei er komfortable å kjøre og om ein pressar godt på kan ein få sykkelen opp i 70 km/t.

Sjå innslaget i Nett-TV

Musikk brukt i programmet:

Renault Clio

The Teacher - Ralph Myerz & the Jack Herren Band - p 2006 EMI Music

AMT

Menteca - Dizzy Gillespie - The Funky Lowlines Remix - p 2003 Verve Music Group

Polo GTI

Synergi - Fingathing - p 2004 Grand Central Records

Touring - Raufoss

Paris Texas - Ry Cooder - p 1988 Warner Bros

Hors D’Oeuvres - Ambrose & his Orchestra - p 2005 Bare bra musikk

Love Potion no 9 - The Clovers - p 1959 Sony Records

Who Knows - Marion Black - p 2005 Bulletproof

On the Couch - Ry Cooder - p 1988 Warner Bros

A Little Bit More - Jamie Lidell - p 2005 Warp/VME

Kulturstrøm

  • Nynorsk litteraturpris til Edvard Hoem

    Edvard Hoem er tildelt Nynorsk litteraturpris 2023 for boka Husjomfru.

    Prisen er på 50 000 kroner og blir tildelt på landsmøtet til Noregs Mållag i helga.

    Litteraturprisen er blitt delt ut sidan 1982, og saman med mållaget er det Det Norske Samlaget og Det Norske Teatret som står bak prisen.

    Husjomfru av Edvard Hoem
  • Tre norske er nominert til Nordisk Råds barn- og ungdomslitteraturpris

    Grøssaren «Udyr» av Ingvild Bjerkeland og høgtlesingsboka «Oskar og eg» av Maria Parr og illustratør Åshild Irgens nominert frå Noreg.

    I tillegg er Saia Stueng frå Karasjok nominert for ungdomsromanen «Hamburgerprinseassa – Eallá dušše oktii» i kategorien for det samiske språkområdet.

    Totalt 14 nordiske biletebøker, barnebøker og ungdomsromanar nominerte til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2024.

    Fleire av dei nominerte tek for seg eksistensielle spørsmål om livet og døden. Eit anna tema som går att er menneska sin relasjon til naturen.

    Vinnaren vert offentleggjort 22. oktober.

    Montasje forfatterportrett Maria Parr og coveret til barneboka Oskar og eg
    Foto: Samlaget/Jula Marie Nagelstad
  • Tungtvann feirer 25-årsjubileum i Operaen

    I år er det 25 år siden Tungtvann slapp sin første EP «Reinspikka Hip Hop».

    Det feirer de med å opptre på Operaen i Oslo.

    15. september blir det nemlig nordnorsk rap på menyen i hovedstadens storstue. Kringkastingsorkestret (KORK) blir også med på feiringen.

    I tillegg er hiphop-profiler som Petter, Jaa9 & OnklP, Lars Vaular, Oscar Blesson, Tyr, Grim Pil og Rambow invitert til jubileet.

    – Med den line-upen vi har så lurer jeg på om operaen er stor nok til å huse oss, sier Jørgen Nordeng i en pressemelding.

    – Sånn rent publikumsmessig, understreker han.

    Nordnorske Tungtvann er regnet for å være de første til å lykkes med rap på norsk.

    – Da vi begynte var det for å bevise at det gikk an. Vi følte at det meste vi hadde hørt av norsk rap ikke hørtes ut som hiphop, sier Nordeng.

    Arrangementet er i regi av Bodø2024.

    – Grunnen til at vi ønsker å gjøre det i Oslo, som den eneste produksjonen vi gjennomfører der, er at dette fenomenet funker på norsk takket være nordlendinger. Da gir det mening å ta det til hovedstaden, forteller programsjef Henrik Sand Dagfinrud

    Tungtvann opptrer på operaen 15. september
    Foto: Tarjei Krogh