Hopp til innhold

Program 5

I femte runde av Kjempesjansen var det Hard Bargain Band og Pitsj som gjekk vidare til semifinalen. Her kan du lese meir om alle deltakarane.

Hard Bargain Band
Foto: Birte Njøsen Horne / NRK

Om program 5

Det var Hard Bargain Band som denne veka stakk av av med sigeren i Kjempesjansen. Først vant dei Nettsjansen, etterpå tok dei TV-sjåarane med storm.

Les heile saka

Deltakarane

Pitsj

Sidan 1999 har jentene i gruppa Pitsj gitt folk rundt om i landet frysningar langt nedover ryggen, på ein positiv måte.

Les heile saka

Frida Fredrikke

Denne jenta spelte piano i mange år, ho har sunge i kor, men det er ikkje det Frida kan best, cello er det ho er meister på.

Les heile saka

Ingrid Vetlesen og Yngve Søberg

Ingrid skulle på opptaksprøve til Operaakademiet i København, ho fekk bu hos ein mann ho ikkje kjente, eit par veker seinare reiste denne mannen til Stavanger på friarferd, på laurdag synger kjærasteparet duett.

Les heile saka

SlinCraze

SlinCraze, eller Nils Rune Utsi som han eigentleg heiter, er noko for seg sjølv, han er den einaste som driv med sin sjanger, nemleg samisk rap.

Les heile saka

Hard Bargain Band

Det heile starta då Notodden bluesband spelte i Egersund, Rune Ellertsen fekk lov til å spele med dei. Det var då det slo han at det var dette han ville drive med vidare, slik blei Hard Bargain Band til.

Les heile saka

Det var Hard Bargain Band som vant Nettsjansen denne veka , dei slo ut Tuva and The Far Out Orchestra  og Spanky .

Kulturstrøm

  • Samisk Netflix-film på topp ti i 71 land

    Loga sámegillii.

    Den samiske Netflix-filmen «Stjålet» er allerede etter få dager blitt tidenes samiske kommersielle filmsuksess.

    Filmen er på topp ti-lista over mest sette filmer i 71 land, blant annet i USA, Canada, Storbritannia, Norge og Sverige.

    Det opplyser regissør Elle Marja Eira på sin Facebook-side.

    Handlingen i thrillerfilmen er i et reindriftsmiljø i Nord-Sverige. Filmen ble sluppet internasjonalt på fredag.

    Filmen er laget etter Ann-Helén Laestadius sin kritikerroste roman «Stjålet».

    Spent gjeng på tur til førvisning av Netflix-filmen "Stjålet" i Kiruna, april 2024
    Foto: Wenche Marie Hætta / NRK
  • «Ringenes Herre» blir 15 timar lang opera

    Fantasyklassikaren «Ringenes Herre» av J.R.R. Tolkien blir opera for første gong. Det melder Sveriges Radio.

    Det er den britiske komponisten Paul Corfield Godfrey som skriv musikken. Innspelinga av musikken har allereie starta av nasjonaloperaen i Wales, og skal sleppast i 2025.

    Operaen blir delt inn i fleire framsyningar, på til saman 15 timar og 30 kapittel.