Det var det høgreradikale partiet Britain First som delte videoen først i sosiale medium, skriv Aftenposten, som først omtala saka.
Sjølve videoen har teksten: «In the name of islam children are being abused». Søviknes delte videoen med teksten «Ille ... Sånn skal det ikkje vere – blir forbanna!».
Statsråden delte videoen like før klokka 21 laurdag kveld og fjerna den søndag morgon.
– Politikarar må vere særleg varsame
– Eg syns vi burde forvente meir av statsrådar enn denne type delingar. Det skaper eit inntrykk av at vi kan dele nær sagt kva som helst berre for diskusjonen si skyld, seier professor Gunn Enli på Institutt for medier og kommunikasjon på Universitetet i Oslo.
Søviknes har i etterkant erkjent at ikkje burde delt videoen frå det høgreradikale partiet.
– I ei tid som er prega av falske nyheiter og mykje uvisse til kva som er truverdige kjelder og ikkje-truverdige kjelder, er det viktig at politikarar er særleg varsame med kva dei deler med offentlegheita. Vi prøver å lære våre barn, ungdommar, vaksne og eldre å vere kjeldekritiske og stelle oss til informasjon med kritisk vurderingsevne, seier Enli.
Ifølge olje- og energiministeren følger han ikkje Britain First på Facebook. Han seier til Aftenposten at han delte videoen då han såg at nokon andre i hans nyheitsstraum hadde delt den.
Fleire politikarar eksperimenterer
Sosiale medium er framleis nytt, og vi er inne i det ekspertane kallar ein eksperimentell fase, der ein vil få mange feilskjær. Enli ser ein tendens der vi ser fleire politikarar som eksperimenterer ganske eksplosivt med bruk av sosiale medium.
– I denne fasen er det naturleg at mange politikarar ønskjer å kaste seg på ei bølge der dei får si stemme høyrt i sosiale medium, få mykje delingar og merksemd. Dermed vil vi få utspel som er meir eller mindre vellykka. Dei politikarane vi har med å gjere, vil ikkje alltid vite kva som er korrekt å gjere, men prøver seg fram, seier Enli.
Ifølge Søviknes har Iraqi News meldt at hendinga fant stad ved ein skule i Irak, og at rektoren, som slår barna, fekk sparken etter episoden, skriv Aftenposten.
– Den nye medieverkelegheita krev mykje av oss. I denne saka er det ikkje gjort ein god nok bakgrunnssjekk før ein har delt saka. Det vil vere uheldig dersom dette blir praksis, meiner Gunn Enli.
Søviknes vil ikkje stille til intervju med NRK og viser til det han har sagt til VG og Aftenposten.