NRK Meny
Normal

Møtte pleiedottera etter 45 år

Dei kalla ho «Prinsessa frå Noreg» då ho budde hjå dei i tre periodar etter krigen. Så mista dei kontakten, og det gjekk 45 år utan at Asbjørg og Odd Brune høyrde frå si tyske pleiedotter Silvia.

Gjensynet med Silvia

Silvia (midt i bildet) kom til Noreg fyrste gong då ho var fem og eit halvt år. Med Asbjørg (t.v) og Odd (t.h) fekk ho seg ein liten familie også i Noreg.

Foto: Anderson/Variations

Fem år gamal kom Silvia Diehr frå Tyskland på tur til Noreg. Ho var ei av rundt 17 000 born frå Berlin som fekk kome til Noreg på ferie på 1960-talet. Gjennom Ungdomsmisjonen fekk borna ei avveksling frå ein kvardag i den delte tyske hovudstaden.

— Me fekk eit brev frå det som heitte Ungdomsmisjonen, seier Odd Brune. Brevet kom i starten av 1963, med spørsmål om dei ville ta i mot eit lite barn frå Berlin. — Dei trengte ferie i Noreg både fysisk og psykisk, seier han.

Avgjerda var ikkje vanskeleg å ta. Både Odd og Asbjørg har alltid vore opptekne av å kunne hjelpe folk som treng det. Sjølv har dei ikkje born.

— Me sa ja, og møtte jenta på jernbanestasjonen. Ho hadde langt, lyst hår og blå auge, mimrar Asbjørg.

Hjelp i Noreg

Den vesle jenta hadde reist frå mor og tre systre i den tyske hovudstaden. Dette var den einaste sjansen Silvia hadde til å få reise på ferie.

Det var spesielt tøft å vere barn i Berlin etter krigen; familiane hadde lite pengar, og dei kunne stadig høyre skyting når nokon prøvde å hoppe over muren. Til saman skal nær 50 000 born ha kome til Noreg og Sverige i regi av Ungdomsmisjonen.

Borna budde, åt og levde i vertsfamiliar over heile landet. Silvia vart plassert hjå sunnmøringane Asbjørg og Odd Brune, som budde i Sarpsborg.

– Ho var akkurat slik som me hadde sett for oss at vår eiga dotter ville vore. Alt var så riktig, fortel Asbjørg. Det norske ekteparet kalla ho «Prinsessa frå Noreg».

Dei tre trivst så godt saman at ho kom tilbake to gonger til på 60-talet. Men avskjedane vart berre verre og verre. Då Silvia hadde vore i Noreg for tredje gong, bestemte Asbjørg og Odd seg for å vente med fleire møte til ho hadde vorte litt eldre. Dei heldt kontakten gjennom brev.

Då Silvia var 17 år fekk Asbjørg og Odd eit brev som skulle verte det siste. Silvia hadde fått seg kjærast, og var lukkeleg. Så mista dei kontakten. Nokre brev kom i retur, og nokre er den dag i dag ikkje dukka opp.

Mange års leiting

Ti år seinare fall Berlin-muren, og Asbjørg og Odd reiste gjennom Berlin på ferieturar i Europa. Dei leita etter Silvia fleire gonger, men utan hell.

— Så var det denne regnbya, då, seier Odd, om dagen då historia om Silvia endra seg.

Ein dag i 2010 var eit venepar av Asbjørg og Odd var ute og spaserte i Ulsteinvik, då det kom ein skikkeleg sunnmørsk regnskur. Dei søkte ly under eit tak, og der møtte dei ei tysk dame, som var på besøk i Ulsteinvik. Ho hadde tidlegare vore der gjennom ordninga til Ungdomsmisjonen.

Veneparet sette ho i kontakt med Asbjørg og Odd, som fortalde om den forsvunne pleiedottera frå den kalde krigen. Den tyske dama og ektemannen hennar lova å leite etter ho då ho kom tilbake til Berlin, og tre veker seinare hadde Asbjørg ei hulkande Silvia på tråden.

Ein månad seinare står Asbjørg og Odd på Ålesund lufthamn Vigra, spente som to tenåringar; endeleg skal dei få sjå prinsessa si igjen.

Gjensyn

Tårene trilla hos alle når dei hentar Silvia på flyplassen.

— Kor godt! Og kor kjekt at du kom, seier Asbjørg når ho endeleg kan ta Silvia i armane sine.

Dei køyrer heim til Asbjørg og Odd og ser på bilete frå gamle dagar, då Silvia var lita. Asbjørg snakkar framleis ikkje tysk, og Odd snakkar tysk slik han lærte det i Tysklandsbrigaden. Likevel snakkar dei på kvar sine språk, ler og gler seg over felles minner frå Silvias barndom. — Og kjærleiken talar sitt tause språk, seier Asbjørg.

Endeleg får dei óg svar på kva som kan ha skjedd med breva. Silvia gifta seg då hun var 19 år og bytte etternamn. — Då kunne ikkje dei nå meg, men eg kunne nå dei. Eg skrev til dei i Sarpsborg, men breva kom i retur.

Silvia heldt fram med å skrive brev til Noreg helt til slutten av 80-tallet, men breva kom aldri fram til pleieforeldra i Noreg. Noko av grunnen til at dei mista kontakten kan ha vore at dei alle flytta på seg gjennom åra.

— Eg gav ikkje opp å sende brev. Men det var vanskelig å reise til Noreg for å leite etter dei. Eg visste ikkje kor eg skulle byrje å leite og spørje etter dei, fortel Silvia.

Silvia hadde heile tida ønskt å ha kontakt med Asbjørg og Odd, og håpa at ho skulle få sjå dei att.

— Eg kan knapt setje ord på det eg føler. Eg hadde ikkje tru på at eg skulle få høyre frå foreldra mine igjen, seier Silvia, om si norske "mamma" og "pappa".

— Kan hende trudde Silvia at vi hadde gløymt ho, seier Odd.

— Det var akkurat som ho hadde vore her heile tida. Ho var ikkje framand for oss, seier Asbjørg etter det første møtet med Silvia. Dei lagar mat saman som i gamle dagar, kontakten er som då Silvia var ei lita jente.

— No må vi aldri, aldri miste kontakten igjen, slik som i alle dei åra vi mista, seier Odd.

Vitjar Noreg

Sidan det første møtet etter at dei hadde mista kontakten med kvarandre har Silvia besøkt Odd og Asbjørg fleire gonger.

— Vi kan eigentlig ikkje miste kontakta igjen. VI ringer kvarandre og vi skriv brev. Eg skal ikkje flytte fleire gonger, og det skal ikkje dei heller, seier Silvia.

Då Asbjørg og Odd fylde 80 år, var Silvia ein sjølvskriven gjest.

— Eg vil prøve å besøkje dei så ofte som mogleg, og eg håpar dei kan kome på besøk til meg i Berlin, seier Silvia.

Gjensynet med Silvia - prinsessa frå Noreg

Ein radiodokumentar av Åge Andre Breivik. Teknisk regi: Kåre Johan Lund. Konsulent: Hege Dahl.