Prins Harry blir TV-produsent

Oprah Winfrey og prins Harry skal produsere ein serie om mental helse saman. Det skriv prinsen på Instagram. Serien skal visast på den komande strøymetenesten Apple TV+.

Prins Harry, hertug av Sussex

Prins Harry blir medprodusent på Oprah Winfreys TV-serie om mental helse på Apple TV+. Han har engasjert seg i arbeidet for å gjere mental helse mindre skamfullt.

Foto: Adrian Dennis / AP

Apple presenterte sin komande strøymeteneste Apple TV+ under ein pressekonferanse i slutten av mars. Då blei det kjent at dei blant anna har innleidd eit samarbeid med Oprah Winfrey og produksjonsselskapet hennar.

Ho skal blant anna lage ein serie om mental helse for Apple. Og no er det klart at ho får med seg britiske prins Harry, hertugen av Sussex, som medprodusent på serien, melder the Hollywood Reporter.

Prinsen stadfestar også nyheita på Instagram onsdag. Dei skriv blant anna at prins Harry og Winfrey har samarbeidd tett om serien, som kjem i 2020.

– Dei har utvikla serien i fleire månader og ser fram til å kunne dele eit så viktig prosjekt på den verdsomspennande plattforma.

Ifølgje Variety har serien som mål å inspirere publikum til å snakke med kvarandre om utfordringar den enkelte har og korleis ein kan hanskast med det.

Tim Cook og Oprah Winfrey

Oprah Winfrey (t.h.) skal lage fleire program for den nye strøymetenesta Apple TV+. Serien om mental helse har premiere i 2020. Her er ho saman med Apple-sjef Tim Cook under presentasjonen av strøymetenesta i mars i år.

Foto: STEPHEN LAM / Reuters

Personleg prosjekt

Prins Harry har snakka opent om mental helse ved fleire høve dei siste åra. I forbindelse med 20 årsmarkeringane for prinsesse Dianas død, fortalde prinsen blant anna om korleis den brå døden påverka både han og storebroren prins William.

Prins Harry fortalde også at han gjekk til psykolog då han var i slutten av 20-åra på grunn av undertrykte kjensler i forbindelse med moras død.

I 2016 var han og broren prins William også med å etablere organisasjonen Heads Together som jobbar for å fjerne skamma rundt mental helse og gir pengar til tiltak for å betre mental helse.

Då prins William og hertuginne Kate besøkte Noreg i februar 2018 møtte dei blant andre skodespelarane i TV-serien «Skam» for å diskutere mental helse.

Depresjon

Også Oprah Winfrey har personlege opplevingar med mentale problem. Ho har blant anna fortalt at ho har opplevd angst og depresjon. I februarutgåva av O Magazine i 2016 skreiv Winfrey om sine personlege opplevingar.

– Dei siste åra har eg sjølv fått oppleve psykisk sjukdom på nært hald. Fleire menneske som står meg nær har vore lagde inn på sjukehus med depresjon, mani og schizofrene tankar.

Og i 2017 fortalde ho til Vogue at ho har opplevd depresjonar ved ulike høve. Blant anna då filmen ho laga i 1998, «Beloved», floppa på kino.

Oprah Winfrey var blant gjestane i bryllaupet til prins Harry og Meghan Markle på Windsor Castle i mai 2018.

Britisk dokumentar fra 2017. Rampete, morsom og kjærlig - slik beskriver prins William og prins Harry britenes lady Diana. I dag er det 20 år siden hun døde, og for første gang snakker sønnene ut om det personlige forholdet til sin mor.

Britisk dokumentar frå 2017. Rampete, morosam og kjærleg – slik beskriv prins William og prins Harry britanes lady Diana. I dag er det 20 år sidan ho døydde, og for første gang snakkar sønene ut om det personlege forholdet til mora.

Kulturstrøm

  • ASAP Rocky får støtte i kongressen

    Menneskerettighetene til ASAP Rocky krenkes av svenske myndigheter, sier amerikanske kongressmedlemmer. Nå krever demokratene Hakeem Jeffries og André Carson at rapperen fra New York slippes fri. Han sitter varetektsfengslet på andre uke mistenkt for voldsutøvelse under en hendelse i Stockholm 30. juni. Både konserten i Norge og resten av Europaturnéen måtte avlyses. (NTB)

  • Italiensk krimforfatter er død

    Den italienske forfatteren Andrea Camilleri, 93, er død. Den kjente krimforfatteren er mannen bak romanhelten "il commissario" Montalbano i den fiktive sicilianske byen Vigàta. Flere av bøkene hans er oversatt til norsk.