– Eg elskar Pride. Det er ein stor fest! Men også ei viktig markering. Det kjennest betydningsfullt og ikkje minst veldig gøy, seier Silje Nordnes.
For andre år på rad leiar ho direktesendinga der NRK tar pulsen på Pridefeiringa både i hovudstaden og i resten av landet.
For fyrste gong sender NRK 1 og NRK 2 direkte frå Pride-paraden i Spikersuppa.
– Det kjem til å bli sterkt å vere der og sjå mangfaldet i gatene den dagen. Vi skal feire at vi er forskjellige, men at det samtidig er plass til alle, understrekar Nordnes.
– I Pride er det rom for alle
«Oslo Pride» er Noregs største feiring av skeiv kjærleik og mangfald. Festivalen er for alle menneske som støttar eller føler tilknyting til LGBTI+-bevegelsen.
I tillegg til Silje Nordnes skal Pål Plassen kommentere Pride-toget, mens Egil Andreas Skurdal skal vere utegåande reporter.
– For meg har Pride vore viktig for å akseptere meg sjølv, og for å forstå det store mangfaldet som finst der ute. I Pride er det rom for alle, seier Egil Skurdal.
Komikaren og musikaren Skurdal er mest kjent frå «Senkveld» der han var musikalsk sidekick. Han er også snart aktuell som P3-morgon-reporter.
– Eg har aldri vore reporter før! Men eg gler meg, for eg trur at med mine eigne erfaringar og kjærleik for Pride kan eg vere ein god ambassadør, og forhåpentlegvis opne nokre lukka sinn, seier han.
Egil Andreas Skurdal gler seg til å vere utegåande reporter under Pride.
Foto: Ulrik Kramer / NRKInternasjonal solidaritet
Årets Pride-feiringa har eit historisk bakteppe. I år er det 50 år sidan homofili vart avkriminalisert i Noreg.
For Nordnes er det ein påminning om kva som har vore.
– Det er heilt absurd å tenke på at det var slik. I tillegg er det sterkt fordi det framleis er 68 land i verda der homofili er forbode, svarer programleiaren kontant.
Også den erfarne radio-programleiaren Pål Plassen peiker på kor viktig det er med eit internasjonalt perspektiv.
– I botn handlar Pride om basale menneskerettar. Om grunnleggande prinsipp som likskap, fridom, openheit og mangfald, understrekar Plassen.
– Det er viktig å vise verda at Noreg får til det her, legg han til.
Ikkje ta fridomen for gitt
Sjølv om vi har kome langt i Noreg finst det ting å kjempe for, ifølgje Inge Alexander Gjestvang. Han er leiar i FRI – Foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfald.
– Det er vanskeleg å velje berre éi sak, men den store overskrifta for meg er solidaritet, seier Gjestvang.
– Ferske levekårs- og livskvalitetsundersøkingar viser at mange skeive framleis opplever store utfordringar i sine liv, og det er viktig at vi arbeider for å snu tala og sørge for at enda fleire kan leve gode liv som seg sjølv.
Han får støtte av trekløveret som skal leie årets Pride-sending.
– Det er viktige verdiar i botn, og så feirar vi som om det er ein fest! avsluttar Pål Plassen.
Pride-sendinga kan du følgje laurdag 25. juni på NRK 1 eller NRK TV.
Kim Friele var fyrste norske kvinne som stod fram som lesbisk. Ho har via livet til homokampen. Høyr hennar historie, fortalt til Silje Nordnes.